torsdag 9. juni 2011

Vår grunnskade og Guds medisin

Ingen menneske likar å ta ansvar for eigne feil, og slett ikkje for eigen vondskap. Heilt frå me er små syner me talent for å skulda på andre når noko gale skjer, og er det me held på med rein vondskap, prøver me å framstilla det som rettferdig på ein eller annan måte. Det gjeld ikkje berre folk som er tiltala for folkemord, men det skjer mellom vanlege folk på jobben eller i heimen. Å innrømma skuld er det vanskelegaste som finst for oss.

Kor har me det frå? Det starta med vår far Adam. Då Gud spurte han kva han hadde gjort, sa han: "Kvinna som du gav meg, lokka meg! Og eg åt."

Solidariteten mellom Adam og Eva var broten. Han prøvde å få mestedelen av skulda over på henne, og på Gud.... "som du gav meg."

Adam hadde forandra natur. Han såg ikkje si rolle lenger som beskyttar, ikkje for andre enn seg sjølv. Han var kalla til å verna skaparverket, inkludert Eva, men han enda opp med å bli eit ynkeleg menneske som ville berga seg sjølv ved å skulda på henne, og på Gud.

Så vart me slik, alle saman. Ektefellene og Gud må bera skulda for dumheitane våre, og slik aukar synda i liva våre dag for dag dersom me ikkje stoppar opp og tek eit kraftig oppgjer med oss sjølve og seier til Gud: "Det var eg som gjorde det som ikkje skulle gjerast. Det var eg som sa det som ikkje skulle seiast. Det er eg som er mannen/kvinna du søkjer. Eg har synda mot min ektefelle og mot deg, og eg har prøvd å frikjenna meg ved å finna feil hos henne/han. Tilgje meg for Jesu skuld og hjelp meg til å venda om og kom til meg og forandra meg frå innsida slik at eg ikkje vel å lyga meg frå ting i framtida."

Det store er: Gud kjem til oss når me snakkar sant og tek det fulle ansvaret for det me seier og gjer. Han kjem til oss og endrar vår natur slik at me igjen begynner å fungera som forsvararar og ikkje som aktorar.

Jesus Kristus var slik heilt gjennom. Han var "den andre Adam" som stilte opp og av eigen fri vilje tok ansvaret for alle våre synder. Det kosta han livet. Han var ein sann forsvarar av deg og meg, og hans død på krossen var ei heltegjering som opna for uendeleg med tilgjeving for oss. Me kan berre henta ut alt me treng. Men reglane er klåre: me får ingenting så lenge me prøver å frikjenna oss ved å syna til andre sine feil. Då bevegar me oss berre bort frå Gud og like i den evige undergangen.

Ingen kommentarer: