lørdag 11. juni 2011

Ein av kvinneætt

I Edens hage representerte slangen djevelen, og djevelen sjølve vondskapen. Gud sa til slangen: "Fordi du gjorde dette (forførte menneska), ....set eg fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal knusa hovudet ditt, og du skal knusa hælen hans."

Underlege ord. Gud forutseier, alt i Edens hage, på sjølve fallets dag, at det skal koma ein av kvinneætt som skal knusa både vondskapen og kjelda til han. Denne mannen var Jesus.

Han vart fødd av møya Maria, utan medverknad av mann, utan synd og skam, heilt rein og perfekt. Han var slik eit menneske skulle vera, full av kjærleik til Gud og sin neste, heilt gjennom sann, utan egoisme og anna fanteri.

Denne Jesus fekk i oppdrag hso Far i himmelen å attreisa det som Adam og Eva hadde forspilt. Han skulle oppfylla Guds vilje og intensjon i stort og smått, og han skulle gjera det på vegne av oss alle, OG HAN GJORDE DET. Slik vann han siger over djevelen i alle ledd.

I dag er det Jesus som er konge på jorda, og ikkje vondskapens fyrste. I Jesus fann han sin overmann. Rett nok gjekk han til åtak på han med alt han hadde av ressursar, fekk ta livet av han ved krossfesting, knuste hælen hans, men den 3. dagen sto Jesus opp att og er i dag den som har all makt i himmel og på jord.

Men sidan Jesus er kjærleik heilt gjennom, tvingar han ingen inn i sitt rike og under si makt. Alle som vil kan få koma. Dei som ikkje vil, blir ståande utanfor. Det er ein stor grad av alvor i det å bli ståande utanfor samfunnet med GUD. Ikkje stell deg slik, men skund det til Jesus og gjer han til din Herre. Då blir han også din frelsar.

Ingen kommentarer: