fredag 10. juni 2011

Klagemålet mot Gud

Menneske over heile verda står i dag fram og dristar seg til å opptre som Guds domarar. Denne arrogansen går tilbake til syndefallet. Det hadde skjedd noko forferdeleg med Adam. Før han åt av den forbodne frukta, eksisterte ingen mistanke mot nokon i hans hjarta. Gud var hans store lidenskap og Eva hans store kjærleik. Adam levde i flytsona. Men fallet sette eit alvorleg skilje i hans historie. Gud spurde: "Kva har du gjort?" Han svara: "Kvinna som du gav meg, lokka meg...." Kva ligg i dette: Det er som om han vil seia: "Gud, problemet ligg ikkje hos meg, eg er berre eit offer ditt påfunn! Det var jo trass alt DU som gav henne til meg, og du burde visst betre. Gud, det er din feil alt saman. For når du visste kva som kom til å skje, korleis kunne du gje meg denne kvinna? Dersom du er allvitande, allmektig og god, burde du jo ikkje ha gjort det, og sidan du likevel gjorde det, kan du ikkje vera......"

Ser du kor gamalt dette er? Tenkjer du slik som dette? Verda er full av folk som tenkjer slik. Det er den høgste vondskap. Gud er berre god, rein, rettferdig og sann. Og så dristar me oss , i all vår vesaldom,til å leggja skulda for vår eigen dårskap på han. Kor dum går det an å bli? Det er visst ingen grenser.

Klagemålet mot Gud toppa seg då Jesus kom til verda. Han var Guds einborne Son, Gud av Gud, lys av lys osv. Kva gjorde me med han? Tok livet av han. Kvifor? Fordi han avslørte vår vondskap. Lyset vart for sterkt, og for å verga oss, stempla me han som historias største bedragar. I staden for å gje han rett og overgje oss til hans kongedøme, avviste me han som ein fiende av det gode. For å gjera det klårt: Dersom du ikkje trur på Jesus, har du stempla han som historias største lygnar.

Men det er ikkje så lurt. For Jesus sto opp att frå dei døde, han lever, og han skal ein dag døma levande og døde, også deg som les dette. Og det store er: dersom du vil, kan du i dag bli frelst frå alle dine synder ved rett og slett innrømma dei og forandra haldning til Jesus Kristus. I staden for å vera likesæl til han, eller yta han motstand, kan du overgje deg til han og følgja han for resten av livet. Då gjer du det som er rett, og du hamnar der han er. Står du han imot, har du din ende på livsens bossplass (helvete) der det logar og brenn natt og dag, den plassen som er bestemt for djevelen og hans englar, men ikkje for deg.

Ingen kommentarer: