mandag 9. juli 2018

Kristent leiarskap. Kva er autoritet? Kven har autoritet i kyrkjelyden?

Autoritet og makt er ein god ting, for Gud har makt, og han gjev folket sitt makt.
Me les om Jesus at han gav disiplane sine makt over både vonde ånder og sjukdomar. Dei fekk guddommeleg autoritet til å kalla alle menneske til omvending, setja folk fri frå demonar og til å lækja dei sjuke.
Dette er det me kan kalla åndeleg autoritet.
Det finst ulike former for autoritet i verda: Formell, fagleg, personleg eller åndeleg.
Formell autoritet kjenner me godt til naturlegvis. Me har alle nokre over oss i rang, og kanskje også nokre under oss.
Den faglege kjenner me også godt. Kunnskap er makt, ingen tvil om det.
Den personlege autoriteten  er naturlegvis knytt opp til den enkelte sin veremåte. Den som har ein overtydande måte å leva livet på, vil folk lytta til heilt naturleg. Her er det snakk om personlegdom, etikk og karakter.
Autoritet er eit positivt ord. Det handlar ikkje om bestemthet. Bestemthet kan fort bli tyranni, og tyranni er berre maktmisbruk.
Også i kyrkjelyden møter me desse fire formene for autoritet. Det viktige er at ingen får formell autoritet dersom dei ikkje samstundes  har fagleg, personleg og åndeleg autoritet, for skjer det, sit ein berre att med konfliktar og skada sjeler.
Når det skal kallast leiarar til kyrkjelyden, må desse prøvast nøye, ikkje på karismatiske gåver, men på karakter, etisk standard og kompetanse i disippelgjering.
Dersom nokre vil grunnleggja ein ny kyrkjelyd, er det ein god ting. Det skjer altfor sjeldan, for kyrkjelydsplaning er misjon på sitt beste. Men det er kyrkjelydar som plantar kyrkjelydar. Personane som fysisk gjer det må altså vera utsendte og autoriserte av den kyrkjelyden dei tilhøyrer, og ha denne i ryggen.  Folk bør ikkje halda på med slikt på eiga hand. Det går ofte veldig galt.
 Jesus sa: «Eg har fått all makt i himmel og på jord».  Han hadde ikkje tatt makta, han fekk henne hos Far fordi han fullførte det han var sendt for å gjera. Han gjorde seg til ein tenar, og den som audmjukt tener andre blir betrudd åndeleg autoritet. Det viser seg i stor påvirkningskraft, og det spelar liten rolle kva formell posisjon denne personen har. I Guds rike har ingen større autoritet enn det han/ho får hos Far. Ingen kan ta seg til åndeleg autoritet. Prøver me på det, vil me fort koma til å skada folk alvorleg.  Det skjer også.

Ingen kommentarer: