onsdag 11. juli 2018

Kristent leiarskap XII. Grunnposisjonen. Det handlar om bøn.

Sjølv om Jesus sikkert  bad heile tida, lika han godt å gå avsides for å vera åleine med Far. I Markus 1 ser me at han stod tidleg opp om morgonen. Då gjekk han ut i naturen for å be. Eg tenkjer meg at han må ha hatt ein del spesielle plassar som han likte å vera når han bad.

Å be er å ha samfunn med Gud i si ånd. Slik sett er det å be rett og slett å vera ein kristen.
Bøna er ei stor gåve frå Gud. Me må aldri gløyma at vår tilgang til Gud vart kjøpt og betalt av Jesus. Bøneretten er dyrekjøpt.

Å be er ikkje å ramsa opp ein masse ting som me vil at Gud skal gjera. Nei, først og fremst handlar det om å vera saman med Far og la seg omfamna av han, bada i hans kjærleik, og la han få bada litt i vår, om det er mogeleg, og det trur eg.

Kristne leiarar må ha orden og skikk på bøneliva sine, sørga for å halda god kontakt med Gud. Elles blir alt me føretek oss vårt eige verk, og ikkje hans. Men sørger me for å vera på tomannshand med Gud  kvar einaste dag, då vil det åndelege sanseapparatet vårt halda seg sunt og vitalt slik at me høyrer og oppfattar det Gud seier til oss. Som kristne leiarar er me avhengige av å høyra Guds røyst, for dersom me ikkje er leia av Gud, er me ikkje kristne leiarar i det heile tatt.

Gud talar gjerne til oss når me er åleine saman med han over ein open bibel, og DETTE  er ein kristen leiar sin grunnposisjon i livet.

Og så eit råd til deg med leiaransvar:  Ta deg tid med Gud. Ikkje ver for rask. Det er viktig at den rastlause ånda di får falla til ro, og at du tek den tida som er naudsynt for å tuna Gud inn, koma deg på rett kanal og «høyra heile programmet».

Ingen kommentarer: