Follow by Email

mandag 30. oktober 2017

Reforamsjonen 6. Fri eller bunden vilje?

Erasmus
Luther



Eitt av dei store diskusjonsemnene under reformasjonen var om me menneske har ein fri vilje eller ikkje.

Kristenhumanisten Erasmus av Rotterdam meinte at menneskeviljen var fri. Martin Luther meinte det motsette, at det var viljen som var sjølve problemet. Menneske VIL rett og slett ikkje Gud, det vil berre seg sjølv. Det kan faktisk ikkje vera annleis, meinte han.

Dei fleste kristne i dag er samd med Erasmus, og overalt høyrer me kristne seia at menneske har ein fri vilje, og dersom me vel det gode, gjer me livet godt for oss sjølve og andre og vise versa.

Martin Luther meiner dette berre er sant når det gjeld reint borgarlege og daglegdagse ting. Me kan velja å hjelpa folk med både det eine og det andre, men me kan ikkje velja å elska Gud av heile vårt hjarta, av all vår kraft og av all vår makt, ei heller vår neste som oss sjølve.

Ingen kan eller vil koma til Gud på eige initiativ. Han må dra oss til seg. Han sender Anden sin som kallar på oss, overtyder oss og fører oss til Kristus. Det er Guds verk og ære åleine. Den deler han ikkje med oss.

Då Erasmus skreiv boka "Om den frie viljen", repliserte Luther med boka "Den trælbundne viljen". Der forfekta han at det er viljen som konsituerer eit menneske, og at dersom VILJEN er fri, då er MENNESKET fritt, og treng ikkje frelse. Han meinte at i syndefallet var det nettopp VILJEN som fall og vart forderva, bunden og syndig.

Utan å bli opplyst av Guds ord og Guds Ande er menneske hjelpelaust fortapt i si synd. Og det syndar med freidig mot og glede. Men når ein vert opplyst av Gud, forstår ein at ein har vanæra Gud med syndene sine og skada sine medmenneske. Då blir ein dømt i samvitet, sjølvkritikken dukkar opp og ein begynnar å skamma seg over det skammelege, synda blir syndig og behovet for tilgjeving blir påtrengande. Når ein då til slutt vel å ta imot Jesus, er det på bakgrunn av Anden sitt frigjerande verk i sjela. Utan dette, ville me ikkje ha tenkt i dei banar i det heile tatt.

Difor appellerer me til menneske og seier: Velg Kristus! Men me veit også at utan Den heilage ande er det heilt umogeleg for dei å gjera det.

Denne kunnskapen tvingar oss til å be Anden om å fylla oss og verka i oss og gjennom oss, for utan han, kan me ikkje utretta noko som helst av evig verdi i andre menneskes liv.




Ingen kommentarer: