torsdag 28. juni 2012

Marginalitet og helvete

Eg har hatt ein mistanke lenge, men fekk det stadfesta i dag då eg høyrde på radio: Eg er marginal. Dei som trur på helvete er nemleg det, vart det sagt, og eg trur på helvete, altså er eg marginal, og som marginal er eg vel også uinteressant, berre ein bagatell.


Det er ei undersøking som syner at dei som trur på helvete er mindre kriminelle enn dei som berre trur på himmelen. Ein kommentator i NRK-radio kalla det for agurkforskning. Helvete var noko middelaldergreier som me for lengst har fjerna oss frå her i landet. Me er betre informert enn at me går rundt å trur på slike barbariske ting. Er me? Ikkje eg. Eg trur på helvete, og tilhøyrer altså ei marginal gruppe.


Trøysta mi er at Jesus også er med i denne gruppa. Det gjev litt frimot.


Det er nesten ingen i Noreg lenger som trur på helvete, sa teologen i radioen.  Berre nokre sekter og svært få konservative kristne. Men dei er ikkje mange. Det er nesten ingen igjen av dei, vart det sagt i dag.


Men stopp litt: Kan det at nesten ingen trur på helvete seia noko om at helvete finst eller ikkje? Sjølvsagt ikkje. Anten finst ting, eller det finst dei ikkje. Om få eller mange trur at dei finst, spelar inga rolle.  Dersom alle trur at noko finst som ikkje finst, så finst det likevel ikkje. Om alle trur at noko ikkje finst, noko som faktisk finst, så finst det likevel. Me kan ikkje røysta over om noko finst eller ikkje.



Den ungarske legen Ignaz Philip Semmelweiss hevda på1840-talet at infeskjonar skuldast usynlege smittestoff, og at betre hygiene ville hjelpa. Kollegane hans lo av han. Nesten ingen trudde på usynlege ting. Men fleirtalet tok feil. Bakteriane fanst jo likevel, og desse brydde seg ikkje om at nesten alle sa at dei ikkje eksisterte.


Eigentleg trur eg ikkje på helvete. Men eg trur på Guds ord, på Bibelen, på Jesus, og Jesus snakkar om helvete, ja, om helvetes eld til og med. Guds ord fangar meg. Jesus fangar meg.



Eg må tru på Jesus, og då må eg tru på det han seier. Elles trur eg ikkje på han. Til Nikodemus sa Jesus:  "For så elska Gud verda, at han gav Sonen sin, den einborne, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." Dette trur eg på. At Jesus har frelst meg frå fortaping, dvs. helvete, og at denne frelsa er mi om eg trur på han. 

Kristendom er ein frelsesreligion, og Jesus er ein frelsar. Men dersom det ikkje finst ein dom, kva skal me då frelsast frå?


Men domen er uunngåeleg og vil råka alle som ikkje har elska Guds openberring.


Ingen kommentarer: