lørdag 28. januar 2023

Familieplanlegging, demografi og arbeidskraftskrise

Sidan såkalla «familieplanlegging» vart vanleg på 1970-talet, har me malt oss opp i eit hjørne. Familieplanlegging betyr i stor grad å planleggja bort graviditetar og barnefødslar. I 2021 var reproduksjonstalet per kvinne heilt nede i 1,48. Det er sjølvsagt ikkje berekraftig. Skal det vera nordmenn i det heile tatt i framtida, må indeksen opp i 2,1. Det er langt opp dit. Fruktene av «famileplanlegginga» smaker me no på snart alle samfunnsområde: Me manglar folk til å fylla viktige stillingar innan alle bransjar. Sterkast slår det tydelegvis ut i eldreomsorga, rett og slett fordi me er blitt ein aldrande befolkning, og det er for få unge menneske som tek utdanning innan pleie og omsorg til å stetta behovet.

Framleis vil befolkninga i Noreg auka nokre år framover, men problemet er at det aukar med gamle, ikkje med unge. Når gjennomsnittsalderen aukar og talet på barnefødslar minkar, blir det slik.

Demografi handlar om korleis menneska i eit samfunn fordeler seg med tanke på kjønn og alder. Er det mange gamle og få unge, blir samfunnet spinndyrt å driva. På 1950-talet var det sju yrkesaktive per pensjonist. Statistisk sentralbyrå reknar med at rundt 2050 vil forholdstalet vera 2:1. Kvar arbeidstakar må altså produsera langt meir enn før for å halda oppe tenestetilbodet til pensjonistane. Men det kan syna seg å vera det minste problemet. Oljefondet dempar effekten av denne skeivfordelinga. Verre er det å få tak i folk som faktisk kan utøva tenestene dei gamle treng.

Det vil framover vera ein enorm konkurranse om ledig arbeidskraft, og dette er eit problem som me ikkje kan bevilga oss ut av. Minister for høgare utdanning, Ola Borten Moe. sa det så treffande nyleg i ein debatt: «Før det blir mangel på pengar i dette landet, blir det mangel på nordmenn.» Me vil rett og slett ikkje ha nok folk til å fylla stillingane i industrien, landbruket, skogbruket eller innan skule, helse og annan tenesteyting. Me har malt oss opp i eit hjørne, og det er ingen snarveg ut av problemet. Det må løysast på langt sikt. Korleis?

Eg meiner me må ta nokre steg attende og igjen framheva ekteskapet og kjernefamilien med mor-far-barn som den suverent beste samlivsforma, og så må me gje familiane så gode økonomiske vilkår at fleire kvinner vel å få fleire enn to barn. Ja, det å få barn må premierast med kraftig skattereduksjon, eller direkte løn til foreldre som vel å vera heime med barn over tid. Det trur eg vil syna seg å vera ein klok måte å bruka oljefondet på (sjølv om eg er medviten om at dette fondet er definert som eit pensjonsfond).

Og så må me våga å sjå på abortlova ein gong til, ikkje for å utvida rettane til sjølvbestemt abort, men for å utvida ufødde barns rett til liv. Det er til å frykta av mange av dei arbeidstakarane som me manglar i dag, er å finna mellom dei 600 000 som er blitt abortert vekk dei siste 40 åra.

Me kjem ikkje utanom å ta radikale val framover for at samfunnet vårt skal overleva slik me kjenner det. Men det vil ta tid, og dersom me hoppar over slike sjølvsagde tiltak som det eg her har skissert, vil problema hopa seg opp år for år. Og ikkje berre det. Men talet på etnisk nordmenn vil gå kraftig ned, og det er fare for at me smått om senn fasar oss ut av historien.


Ingen kommentarer: