Verda er som eit opprørt hav. Folk reiser seg mot folk, og riker mot riker, og det er uro og krig mange stader, og folk er både redde og hjelpelause. Kva kan me gjera? Ingenting. Kreftene me har med å gjera er for sterke, og me er for små, for svake. Vondskapen er for stor. Dei mektige har gjort opprør mot Gud, dei har fjerna seg frå hans ord og vilje ved legalisera det Gud forbyr, og straffa den som opponerer mot uretten, og når grunnvollen blir borte, kva kan då den rettferdige gjera, spør kong Salomo retorisk. Underforstått: Ingenting.
Og dei mektige som opponerer mot Gud, forstår ikkje det aller minste at dei har alliert seg med djevelen, Guds og vår mektige fiende, og han har tvang, kaos og død på programmet, og tvang, kaos og død får dei. Det er prisen dei må betala for å bryta med den gode Gud, han som har skapt himmel og jord, og som alltid handlar med oss i kjærleik, og som er vårt einaste effektive vern mot dei mørke kreftene.
Difor: Det er tid for menneska å søkja naudhamn. For midt i verdas opprørte hav, ligg det eit vakkert land, eit rike som ikkje kan rokkast med ein konge utan like: Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre. Dette er nådelandet. Her kan alle søkja asyl. Ja, me blir inviterte til det. Det einaste kravet som vert stilt for at du skal få koma inn er at du sannar syndene dine for Gud, og innrettar heile livet ditt etter hans lover. Det kallar Bibelen omvending. For her er det ikkje plass for egoisme, uærlegdom, hat, sinne, grådigheit, begjær, hor, utruskap, homoseksualitet, baktale, latskap, eigenrådigheit, sjølvdyrking, sjølvhevding eller noko slikt. Her er det Gud som rår, her er det hans lover som gjeld, og den som vil nyta godene i dette landet, må innretta seg etter hans vilje. Elles blir døra stengt.
Men enno er det plass i Guds hus for syndarar som vil venda om, og det er ingenting å venta med. For teikna på at me går mot denne sjuka verda si avslutning er så tydelege, og før du veit ordet av det, kjem Jesus Kristus att i herlegdom for å døma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Då håpar eg at du er i denne siste gruppa, denne gjengen med tilgjevne syndarar som skal arva både jorda og himmelen, og som har ei frydefull æve i vente i Fars hus.