lørdag 9. oktober 2010

Nobels fredspris 2010

Nobels fredspris gjekk i år til kinesiske Liu Xiaobo. Liu sit i fengsel. I fjor fekk han ein dom på 11 år fordi han lenge og iherdig har skrive og tala om behovet for demokrati og menneskerettar i Kina. Fred, fridom og menneskerettar høyrer saman, og difor er denne prisen så høgt fortent. Liu Xiaobo har betalt ein høg pris for kampen han fører både saman med, og på vegne av mange andre. Ein verdig prisvinnar.

Kina forfølgjer sine beste kvinner og menn. Kvifor gjer dei det? Fordi desse trugar makteliten som er totalt fanga av dynamikken i diktaturet og av alle føremunene diktaturet kan gje dei. Her må ein gå i takt, sei dei rette orda til rett til og i dei rette samanhengane. I slike system gror løgna hemningslaust, og dei ærlege vert kasta i fengsel.

Men styresmaktene forfølgjer også vanlege kristne som eigentleg ikkje ynskjer anna enn å dela fridomens evangelium med sine medmenneske. Kor mange kristne som sit fengsla i dag, veit eg ikkje nøyaktig, men eg meiner det skal vera rundt 300.

Jesus kom til jorda for å forkynna fridom for fangar. Han tenkte då primært på alle som er bundne i synd og umoral. Ved trua på han blir me frikjende frå alle klagemål som himmelen hadde retta mot oss. Det er uendeleg stort for den som har fatta det. Det gjev ei fridomskjensle hinsides alt ein har opplevd.

Sjølv om den kristne fridomen er individuell, vil evangeliet auka fridomen på alle livsens områder i samfunn der folk lærer Gud å kjenna. Difor er kinesiske styresmakter redde for evangeliet. All tanke på fridom skremmer dei, og difor fengslar og trakasserar dei kristne. Men der evangeliet går fram, vil fridomen også gradvis auka i samfunnet. Slik må det bli sidan fridom er sjølve livsprogrammet for oss kristne.

Ingen kommentarer: