fredag 8. oktober 2010

Vegring

Kristeleg Folkeparti vegrar seg mot å velja mellom høgre og venstresida i norsk politikk. Dei vil helst stå midt mellom dei store blokkene og styra dei begge. Men den tid er nok forbi. Dagrun Eriksen og venene hennar lever på ein illusjon. Sanninga om KrF er at partiet kjempar for livet, og for å berga seg, må dei føreta eit val mellom venstre og høgre, sjølv om det gjer vondt. Det ser ut til at veljarane vil krevja det av partiet.

Å velja mellom ulike alternativ er ein del av menneskelivet. Då Gud skapte oss, gav han oss evne til å velja mellom godt og vondt, rett og galt, og me må ansvar for dei vala me tek. Det er dette som skil oss menneske frå dyra.

Val mellom venstre og høgre i politikken er til sjuand og sist ikkje så viktig. Men dei eksistensielle vala me gjer er viktige. Først det grunnleggjande: Kor vil du plassera deg i høve til Gud? Jesus møtte menneske på sin veg og sa: "Følg meg!" Det var ei kraftig utfordring, og dei som fekk dette kallet, måtte velja å vera der dei var eller å bryta opp og følgja Jesus.

Å vera kristen er å følgja Jesus, å leva i nærkontakt med han og anerkjenna dei lovene og reglane som han har fastsett om å leva sant, reint og uegoistisk, i kjærleik til Gud og medmenneske.

Jesus er konge, og som konge har han makt, ja, all makt, seier han sjølv. Men han brukar makta si i denne tida til å frelsa og lækja folk, ikkje til å døma folk. Domen høyrer framtida til.

Som menneske kan me halda Jesus utanfor liva våre. Men skal me oppleva frelse, må me kapitulera overfor Gud og overgje makta over livet til Jesus. Det er eit individuelt val.

Vegrar du deg for dette? Ta spranget uti det. Det blir eit val du aldri angrar.

Du kan be slik:
Herre Jesus Kristus! Eg overgjev meg sjølv og heile livet mitt til deg. Eg vil følgja deg no og vera ein kristen. Kom inn i mitt hjarta, tilgje meg alle mine synder og feil og gje meg det nye livet som du snakkar om i Bibelen. Eg er open for det. Takk at du døydde for meg, at du sto opp att og lever i dag. Amen.

Ingen kommentarer: