lørdag 10. mars 2012

Farleg tilpasning


De har sanneleg ikkje mykje å skryta av. Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen?  7 Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.  8 Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik. 1.Korintarbrev 5,6-8

Det var kome alvorleg synd inn i kyrkjelyden i Korint. Ein av medlemmene levde saman med stemor si utan at nokon reagerte på det. Det er merkeleg kor lett me kristne tilpassar oss. Det som er akseptert i samfunnet elles, ser ut til fort å bli akseptert hos oss også.  Men mangt av det dei driv på med på samlivssektoren i samfunnet er syndig, og synda har ein tendens til å spreia seg som ein surdeig og prega heile miljøet negativt. Difor må me vera radikale og ikkje akseptera slikt korkje hos oss sjølve eller hos andre, men ta dei oppgjera som er nødvendige. 

Me tenkjer ofte slik: Mi synd er mi. Den influerer ikkje på andre. Men det er ei løgn. Synda di berører alle i kyrkjelyden rett og slett fordi me er éin lekam, og dersom ein lem lid, lid heile lekamen. 

Jesus gav livet sitt for våre synder for å fri oss frå dei.  Då kan og må me ikkje lenger leva i dei. Det er å vanæra Jesus og trakka på hans frelsesverk. Så legg bort all ureinskap, misunning, fiendskap, hovmot, baktale, løgn, bedrageri, hat og hemn, og lev i harmoni med den nåden du fekk i Jesus Kristus. Hald det unna det negative, det som har sine røter i ditt gamle menneske , og søk det som har sine røter i Gud, tru, håp, sjølvoppofrande kjærleik, glede, fred, tilgjeving og rettferd. Då bergar du både deg sjølv og andre.

Ingen kommentarer: