tirsdag 6. mars 2012

Leirarar med integritet

Audun Lysbakken. Foto: Dagbladet
Det er avgjerande viktig for ein leiar og dei han skal leia at han har integritet. At ein person har integritet betyr at han er til å stola på heilt gjennom. Stundom kan det sjå ut til at dette er ei mangelvare i samfunnet vårt.

Audun Lysbakken går av for å ta vare på integrieten sin, seier han. Dette er vanskeleg å forstå sidan det er mangel på integritet som har ført han opp i den situasjonen han har hamna i. Han har gjort feil, og han har forsøkt å dekka dei til. Det er ikkje integritet. Og no ser det ut til at han vert leiar av SV!

Svigerfar til Moses, Jetro, såg at arbeidsbøra til svigersonen vart for stor. Då gav han Moses dette rådet
 i 2. Mosebok 18,17-23: «Det er ikkje bra det du gjer. 18 Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine. 19 Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han. 20 Du skal forklara dei forskriftene og lovene og gjera dei kjende med den vegen dei skal gå, og dei gjerningane dei skal gjera! 21 Men du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti. 22 Dei skal skifta rett blant folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men i kvar lita sak skal dei dømma sjølve. Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg. 23 Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»

Kva er ein god leiar? Det er ein som har nødvendig fagleg dugleik,  fryktar Gud, er pålitelege og heilt gjennom ukorrupt.



Ein god leiar må altså  i følgje Bibelen ha både faglege, åndelege og moralske kvalifikasjonar på plass i livet sitt. Det skal vel noko til å forlanga av ein statsråd i våre dagar at han skal frykta Gud, men det hadde vore til god hjelp. Dei som fryktar Gud, gjer ikkje så lett uærlege ting i det skjulte. Det veit at ingenting er skjult for Gud likevel. Slike leiarar trengst over alt, men dei er sjeldne. Me ser i dag at når leiarane i eit land ikkje lenger har tillit, begynnar nasjonen å løysast opp og kan berre haldast saman med våpenmakt og tysting. 


Måtte den gode Gud reisa opp leiarar i mellom oss med dei rette kvalifikasjonar.

Ingen kommentarer: