Follow by Email

onsdag 10. oktober 2012

Av eit heilt hjarta

Profeten Jeremia seier at du vil finna Gud om du søkjer han av heile ditt hjarta (kap 29,13). Kva betyr det? Jo, å søka Gud av heile sitt hjarta er å søka han utan tanke på personlege fordeler, det er å søka han berre med èin ting for auga: At Gud skal få ære og det som er hans. Kva tilhøyrer Gud av det som er ditt? Heile deg med ånd, sjel og kropp. Dersom du overgjev deg heilt og fullt til Gud med alt du er og har, vil du finna han. Det kan du ikkje av deg sjølv. Du treng hjelp av Den heilage ande. Be han om slik hjelp.

Gud beviser seg for alle som søkjer han av eit heilt hjarta. Ein plass seier Jesus at Gud skjuler seg for dei forstandige, dvs dei som trur dei er klokare enn Guds ord, og at han openberrar seg for dei umyndige, dvs. dei som bøyre seg for myndigheten i Guds ord.

Me tullar ikkje med Gud, men behandlar han som Gud. Tullar me med han, vil domen hans råka oss, og me vil finna oss utanfor samfunnet med han i all æva på ein plass der folk gret og skjer tenner, dvs. evig anger og sjølvbebreiding utan von om tilgjeving.