onsdag 14. november 2018

Kva føler du deg som?

Det har dukka opp ei overmåte interessant sak i Nederland. Emile Ratelband er 69 år, men føler seg som ein 49-åring, og han går no rettens veg for å endra på fødselsattesten sin slik at han blir "20 år yngre".

Denne mannen tek den nye trenden heilt ut: Det er kjenslene dine som definerer sanninga om kven du er og kva du er. Føler ein mann seg som ei kvinne, har han rett til å vera kvinne også i juridisk forstand, og like eins dersom ei kvinne føler seg som ein mann, heilt til ho eventuelt skulle føla seg som noko anna.

Emilie Ratelband føler seg som ein 49-åring, og då er han vel det, eller?

Dette kan jo eigentleg syna seg å vera ytterst nyttig for flyktningar og asylsøkjarar. Lat oss seia at ein person får avvist asylsøknaden sin, då kan vel han/ho berre gå til sak mot staten og seia som så: "Eg føler meg heilt norsk, og då er det vel det eg er, så lat meg for all del berre få meg eit norsk pass slik som andre nordmenn. Det er kjenslene mine som definerer kven eg er og kor eg kjem frå".

Denne saka syner kor håplaust alt blir når me begynner å gå på akkord med sanninga på eitt område, då kan me ikkje lenger tenkja og leva konsistent, me berre flettar oss inn i ein vase av løgner som fangar oss og driv oss bort frå Gud og alt rett og godt.

Difor må me halda pinn fast på at alle individ med to X-kromosom er hokjønn, og alle me eitt X og eitt Y-kromosom er hannkjønn, uansett kva dei måtte føla seg som.

Biologien trumfar rett og slett psykologien og sosiologien.

Jesus utfordrar oss til å byggja liv og samfunn på fast grunn. Det beste fundamentet er Guds eige ord slik det er openberra for oss i Bibelen, og den same Gud som har talt til oss gjennom Bibelen, er biologiens far, og han har skapt oss med tydelege kjønnskjenneteikn som botnar i ein signifikant genetisk ulikskap mellom kvinne og mann.

Ingen kommentarer: