onsdag 1. oktober 2025

Preses i Den norske kyrkja gjer bot på vegne av avdøde biskopar

 

Jesus er den gode hyrde som leier sauene etter sitt ord

Preses i den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, vil den 16. oktober møta opp på London pub for å av halda ein pressekonferanse der han vil be dei skeive i Noreg om orsaking på vegne av Den norske kyrkja for måten  denne kyrkja har møtt dei skeive på gjennom tidene. Han syner til ein bispeuttale frå 1950 talet som stemplar homoseksuell levemåte som eit trugsmål mot samfunnet. 

Slike harde ord kan ein gjerne be om orsaking for. Men ut frå det eg elles veit om Fykse Tveit sin teologi, spør eg meg om  han i same rennet bed om orsaking for det som står i Bibelen om saka, om han bed om tilgjeving på Guds vegne fordi Gud i fleire omgangar har lagt ned forbod mot homofilt samliv. Då må eg seia at Fykse Tveit har valt seg feil motstandar. Ingen bør bølla med Løva av Juda.  

Det Fykse Tveit gjer her er truleg vel gjennomtenkt. Den norske stat har brukt denne forma for botsgang både då kongen i starten av si embetstid beklaga handsaming av partisanane i Finnmark etter krigen, då statsministeren beklaga overfor kvinnene som hadde hatt omgang med tyske soldatar og over den skandaløse handsaminga av romanifolket før og etter andre verdskrigen. Alt på sin plass. 

Det å sanna syndene sine og be om tilgjeving er noko som høyrer heime i sentrum av den kristne trua. Å be om tilgjeving på vegne av andre som har gjort noko galt, er noko heilt spesielt. I Bibelen finn me det hos Daniel, men han gjer bot på andre sine vegne innfor Gud. Me har ingen døme der på at nokon bed om tigjeving til ei gruppe menneske på vegne av ei anna gruppe. Men at ein overmektig stat i ettertid audmjukar seg overfor ein mishandla minoritet har sjølvsagt sympati. 

Det er enkelt å sjå parallellen. Ei overmektig kyrkje som ber om tilgjeving for trakassering og åndeleg overgrep mot ein seksuell minoritet. 

Likevel er det eit problem her. Dersom Fykse Tveit brukar denne handlinga til å kristna ein seksualmoral som blir åtvart mot i Bibelen, har han gått ut over sitt mandat som prest og biskop. For er det dette han meiner, og det trur eg det er, bryt han med ordinasjonslovnaden sin. Det bør han sjå på som eit stort problem. 

Biskopane på 1950-talet synda nemleg ikkje med sin uttale. Kanskje kunne dei formulert seg meir diplomatisk etter dagens standard, det er no så. Men synda gjorde dei ikkje. Dei talte ut frå si forståing av Bibelens ord. Og den var heilt rett. Soleis er det ikkje noko å be om tilgjeving for, og særleg ikkje for ein person som ikkje var biskop på den tida, knapt var han vel fødd. 

Reformatorane våre kalla Bibelen for "norma normata", normen over alle normer. Då kan ikkje norske biskopar innføra nye normer som bryt med hovudnormen og samstundes kalla seg hyrdar for Jesu flokk. For det er dei ikkje. Dei fell fort i kategorien "leigekarar", og kanskje til og med "ulvar i fåreklær", dvs reine forførarar. 

Eg kan ikkje sjå at det er nokon lett veg for Den norske kyrkja attende til den sunne læra. Tida er komen for alle å koma seg ut av denne institusjonen og melda seg inn i kyrkjesamfunn med leiarar som under tårer og bøn vil losa dei truande unna skjæra så ingen går på grunn i god tru.