mandag 28. januar 2013

Guds fantastiske lover fører oss til Han

Salme 119,129

"Underfulle er dine lovbod. Difor tek eg vare på dei!"

Guds lover er underfulle. Dei er ikkje naturlege, dei kjem frå Gud, og me finn dei i Bibelen.
Guds lover spring ut frå Guds kjærleik, og han vil at me skal elska kvarandre slik som han elskar oss.
Difor skal me ta vare på kvarandre, vera gavmilde, gjestfrie, gode, varme, tilgjevande og ærlege menneske. Me skal ikkje utnytta kvarandre, og slett ikkje undertrykka kvarandre. Gud hatar alt slikt. Men me skal tena kvarandre i kjærleik. Dette er Guds lover.

Jesus snakkar mykje om dette, særleg i Bergpreika, den mest berømte av alle talar. Der lærer Jesus oss kjæleikens veg, korleis me skal elska Gud og nesten. Ja, han går så langt at han ber oss om å elska fiendane våre. Det er ikkje rom for hat i Guds rike, ei heller hjartekulde. Her er det vilkårslaus kjærleik som er regelen, det brennande engasjementet for Gud og våre medmenneske.

Dette betyr at me ikkje føretek oss noko som er til skade for andre, men berre slike ting som reparerer og bygger opp. Det gjeld i ord og gjerning. Difor snakkar me positivt til og om kvarandre, og me unngår baktale og sladder. Me deler Guds gode ord med kvarandre, og med alle, for det både frelser, lækjer og byggjer opp. Me er til å stola på, og me tek aldri noko som tilhøyrer andre, anten det er pengar, ting eller ektefelle.

Korleis tek me vare på Guds lovbod? Ved å halda dei og i ord og gjerning læra andre å gjera det same.

I våre dagar er det mykje snakk om "det gode liv", og då handlar det om å finna den livsforma som gjev maksimal nyting. Slik filosofi er heilt fjern for Gud og Bibelen. Der er fokus derimot på "det rette livet", og Gud seier at den lever rett som fornektar seg sjølv til fordel for andre, og at den som vil vinna livet i denne verda, kjem til å missa det, medan den som misser livet i denne verda for hans skuld, kjem til å vinna det.

Det er eit sterkt lys i Guds lovbod. Dei avslører dei vonde og egoistiske kreftene som ofte veltar fram i oss, det syndige og skammelege som me har i oss og som rett som det er blir overmektig i oss. Me irritrer oss, blir sinte som berre fy, kan tenkja nedsetjande om andre, vera veldig ufølsame i måten me snakkar til folk på, dekkar over eigne feil med svarte og kviteløgner og me kan vera både misunnelege og sjalu.  Alt dette avslører Guds lov hos oss, og så seier Anden stille i vårt indre: Gå til Jesus med alt dette. Han har bore det. Hos han har du ei evig forløysing for alle dine synder. Slik blir det til at Guds lovbod jagar oss til Jesus og held oss fast hos han. Ære vere Gud for hans visdom.

Gode Far! Takk for dine underfulle lover. Dei opplyser oss om din vilje, og fører oss til Jesus Kristus. Takk at du i Kristus tilgjev oss alle våre synder og ved Den heilage ande inspirerer oss til å leva oppofrande liv i kjærleik. Me ber i dag spesielt for Saeed Abedini som i dag er dømt til 8 år i Evinfengslet i Teheran for å ha tent deg og di kyrkje. Fyll hjarta hans med din fred. Ver med han som du i si tid var med Josef, og opphøg han den dagen tida er inne for det. Amen.

fredag 25. januar 2013

Gud syner veg

"God og rettvis er Herren, difor viser han syndarar vegen!" Salme 25,8

Bibelen lærer oss at me i utgangspunktet alle er bortkomne syndarar. Me har rota oss bort frå Gud og hans plan med liva våre, og det er akkurat kva ein syndar er, ein person som er komen ut av kurs og er på veg mot feil mål. I Jesaja 53,6 les me om oss menneske at me fòr vilt som sauer, me vende oss kvar til sin veg. Slik går det gjerne med sauer når ulven spreier flokken. Og det er lett å sjå at det er slik i menneskelivet. Det er eit mylder av religionar og livsmønster i verda. Folk trur på mange ulike gudar og religiøse system, og andre trur ikkje på noko i det heile tatt, i alle fall  ikkje på noko anna enn det dei kan sansa. Det er stor dårskap, men slik er det. Frå vår synstad som kristne ser det ut til at folk gjer alt dei kan for å koma seg bort frå den einaste sanne, levande Gud, han som er kjelda til alt godt.

Kvifor er det slik? Fordi synda har ete seg inn i liva våre, snudd tankane våre frå Gud, ja, mot Gud, og gjort oss sjølvopptekne, skrytande, smalspora, introspektive, innbilske og sjølvrealiserande, medan me er skapte for å æra og elska Gud over alle ting, realisera hans planar med verda og elska våre medmenneske som oss sjølve, og overlata alt ansvar for våre eigne liv til han som er vår Far.

Men me tapte han av syne, gløymde han, vart våre eigne gudar og for å sikra våre eigne liv begynte me å lyga, stela og drepa.

Men Gud slutta aldri å elska oss. Han er god og rettvis, og han viser oss vegen attende til seg og den evige lukka som me berre kan få hos han. Ja, han ikkje berre viser oss vegen. Han sendte oss ein frelsar, Jesus Kristus, sin eigen Son, og Jesus sa om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg!" Og det må bety: Ved å tru på Jesus og følgja han, kjem me alle til Gud, både fordi Jesus ER Gud, og fordi han fører oss til Gud. Det går frå godt til betre og frå betre til best.

Har Gud fått nått deg med sitt ord? Har han fått opplyst deg med sin Ande? Har du sett din fortapte stilling? Har du sett djupna i det som er di synd? Har du nokon gong skamma deg over alt i livet ditt som ikkje er motivert ut frå tillit til Gud og kjærleik til dine medmenneske? Har du sett kor omfattande løgnene dine er? Har du fortvila over deg sjølv? Har du ropt til Gud om frelse?

Skal du bli frelst må du læra deg å avsky dei uoppgjorte syndene dine og kvitta deg med dei same kva det
måtte kosta deg. Gud tilgjev oss syndene våre når me vender oss bort frå dei. Dersom du vil leva med syndene dine, må du nok finna deg i å leva utan Gud, for Gud vil nemleg ikkje leva med syndene dine. Trass alt måtte Jesus døy på krossen for at du skulle kunna bli reinsa frå all denne uretten, og dersom du ikkje let deg reinsa, trekkjer Gud seg unna deg. Det er dette det står om.

Gud er god og rettvis, og han viser syndarar vegen, vegen til omvending, tru og nytt liv med Jesus på innsida.

Kjære Herre Jesus! Du er Guds einborne Son som gav livet ditt til soning for alle våre synder. Du tilgjev oss og reinsar oss når me kallar på deg og vender om til deg av heile vårt hjarta. Hjelp oss dagleg å seia nei til oss sjølve, ta avstand frå  løgn og egoisme og tru på deg i alle ting, både når det gjeld vår frelse og vår velferd. Du betalte for vår evige lukke med ditt eige blod. Me lovar og ærar deg for det. Hjelp oss å gjera deg kjent for syndarar me møter på vår veg, slik at du kan opplysa dei og visa dei vegen til evig liv og lukke. Gje oss Anden slik at me alltid har din autoritet, din varme og di kraft med oss ut i kvardagen. Amen!



torsdag 10. januar 2013

Jesus, Herrens tenar

 Sjå, min tenar, som eg støttar,
          min utvalde, i han har eg mi glede!
          Eg har lagt min Ande på han,
          han skal føra retten ut til folkeslaga.


Jesaja  42,1

Dette er starten på èin av dei såkalla "Herrens tenar"- songane i Jesajaboka. Dei handlar alle om den komande frelsaren. Det er m.a.o Jesus det er snakk om. 

Me vert først oppfordra til å SJÅ på han. Det er det vikigaste me som menneske gjer, og det er avgjerande viktig for oss at me dagleg rettar sinn og tanke mot Han som er den einaste som kan frelsa sjelene våre og føra oss trygt fram til Gud. 
Johannes døyparen sa til sine eigne læresveinar då Jesus gjekk bortover breidda av Jordanelva: "Sjå, der er Guds lam som ber bort verdas synd." 
"Det du festar blikket på, gjev du kraft i livet ditt", skreiv NLA-lektor Nils Magnar Grendstad ein gong på 70-talet. 
Å sjå på Jesus er å studera denne mannen sitt liv, det han sa og gjorde, både gjennom profetane i Det gamle testamentet, og apostlane og evangelistane i Det nye. 
Ingen kan sjå på Jesus utan å lesa Bibelen. Det er der han blir tydeleg for oss, og ingen andre plassar. 
Difor les og granskar me denne boka, lærer sitat utanåt, praktiserer det me les, ber det me les og deler det med våre medmenneske. 

Det neste me lærer i dette verset er at Herren støtta tenaren sin. Jesus talte Guds ord, rett og slett, og det han sa var sant, godt, rett og vakkert. Det hadde den himmelske Fars fulle støtte og godkjenning. 

Så lærer me at Jesus var utvald av Gud for å fullføra hans gode vilje. Dette har betydning for deg og meg. Dersom me trur på Jesus, linkar oss opp til han, blir me utvalde me også, rett og slett fordi me er blitt sameinte med Den utvalde. I Kristus er me utvalde til å arva evig liv og til å gjera Guds gjerningar, utanfor Kristus er det inga slik utvelging. 

Far i himmelen hadde si lyst og glede i Jesus. Han var så inderleg stolt over å ha ein slik Son, slik som alle foreldre er over barn som skikkar seg vel, og Jesus var verkeleg heilt perfekt.

Og det skal du vita. Er du i Kristus, er Far like stolt over deg som han var og er over den einborne Sonen sin. Er ikkje det fint å tenkja på? Gud skammar seg ikkje over deg. Derimot gleder han seg over deg, både fordi du vil tru på Sonen hans, og fordi han ikkje lenger ser noko gale med deg. Du er kledd i Kristi fullkomne rettferd.

Jesus er Fars store glede. Korleis er det med deg? Er du på linje med Far i dette? Er det Jesus som er ditt livs glede? Og me kan jo spørja: Korleis kan me som er små menneske gleda oss over noko anna enn det som gleder Gud vår Skapar og Far? Dei menneska som ikkje gleder seg over Jesus, er i alle fall ikkje i kontakt med Gud. Dei er rett og slett heilt på jorde. Og Jesus seier til oss som tener han: "Gled dykk ikkje over at åndene er dykk lydige, men gled dykk over at namnet dykkar er skrive i himmelen." Det er hans forteneste åleine, og det einaste som  betyr noko når alt kjem til alt.

Den heilage ande var med og over Jesus. Utan Andens kraft kan ingen vekka og smelta menneskehjarto, lækja øydelagde liv eller fri folk frå djevelens tvang og makt. Jesus hadde denne krafta i livet sitt. Han fekk henne i dåpen. Men han fekk henne ikkje berre for sin eigen del, men for å dela henne med alle sine truande vener. Johannes skriv: "Han er den som døyper med Den heilage ande og eld." 

Guds kraft er for deg, og har du lite kjennskap til denne delen av kristenlivet, så må du be til Jesus om å bli fylt av Anden, så vil han møta deg i din trong og gjera livet ditt langt meir spennande og rikt enn du kunne ana var mogeleg, og du blir eit menneske som Gud vil bringa RETTEN, dvs. EVANGELIET, ut til folkeslaga gjennom. 

Herre Jesus! Hjelp oss å forstå kven du er og kva du har gjort for oss, og lat oss få sjå deg så klårt at me blir fylt av den gleda som strøymer frå Fars hjarta. Fyll oss med Anden slik at orda våre smeltar frosne sinn og skaper liv der døden rår. Send og bruk oss til å bringa di rettferd til folkeslaga. Amen!