mandag 20. juli 2009

Til månen og attende, og andre viktige reiser


I dag er det 40 år sidan Neil Armstrong og Buzz Aldrin som dei første menneska i historia, sette føtene sine på månen si overflate. Det er blitt feira over heile verda, for dette var ei historisk hending ut over det vanlege som opna nye perspektiv for oss jordbuarar.

Det var president John F Kennedy som starta prosessen i 1961 då han annonserte at USA burde klara å senda ein mann til månen og trygt attende innan utgangen av tiåret. Det utløyste ei enorm satsting på både utdanning og forskning for å gjera det mogeleg å nå dette klårt definerte målet. Men Kennedy sjølv fekk aldri oppleva dette. Han vart sendt ut på ei reise som han aldri koma attende frå då han vart myrda i november 1963.

Menneska har gjennom soga gjort mange vågsame reiser som har opna nye vegar og gjeve ny erkjenning. Eg tenkjer særleg på dei store oppdagingsreisande som Colombus, Vasco da Gama, Magellan, Leiv Erikson, våre eigne polfararar og mange, mange andre. Dei skulle finna nytt land og venda trygt attende til heimlandet.

Men det er ei spesiell reise inn i det ukjende som berre ein person har kome attende frå: eg tenkjer på Jesu oppstode frå dei døde. Der Kennedy måtte kapitulera, sigra Jesus Kristus. Ingen retur har hatt større meining for oss enn denne. Det opna ikkje berre nye perspektiv, men det opna himmelens port for oss. For Bibelen seier: "Den som har Sonen, har livet. Men den som ikkje har Sonen, har ikkje livet."

Då Apollo 8 gjekk i bane rundt månen juletider 1968 fekk me for første gong sjå jorda som ei lita kule i universet, ein kunnskap som burde gjera oss alle audmjuke. Frank Borman, som var kaptein på romfartyet, fann ikkje noko meir høveleg å gjera enn å lesa nokre vers frå skapingsforteljinga i 1.Mosebok 1. Månen, aud og tom. Jorda blå og levande, eit vitnemål om den levande Gud som talte og bles liv i planeten vår.

Då Apollo 11 landa på månen, og alle kunne pusta letta ut (landinga var meir dramatisk enn det me som såg på fjernsyn kunne ana), tok Armstrong og Aldrin fram vin og brød og feira Herrens nattverd. Det var det første måltidet som vart innteke på månen.

Duke, ein annan astronaut som var på månen på 70-talet hadde dette å fortelja i programmet: "Ei stund etter at eg var komen attende frå måneferda, vart eg invitert til å vera med på eit bibelkurs. På dette kurset møtte eg Jesus Kristus, og eg tok imot han i hjarta mitt. Og det som hende med meg då var mykje større enn det å ha vore på månen. Eg vart fylt med ein fred som eg aldri før hadde erfart, og han gjorde livet mitt nytt."

Vår framtid er ikkje knytt opp til romfart og vitskap, men til Jesus Kristus. Berre han har sørga for ein heim for oss bakom alt. Difor skal du overgje livet ditt til han slik at du får del i hans framtid, han som er den sanne Gud og som elskar deg og gav livet sitt for deg.

40 dagar etter oppstoda reiste Jesus heim til himmelen som han kom frå. Det må ha vore stort for han. Men han lova før han drog at han ville koma attende til vår verd for å oppretta eit evig rike bygd på sann rettferd. Det vil skje når bodskapen om hans frelse er forkynt for alle menneske. Då skal han dømma levande og døde, og det er vårt høve til han som er avgjerande for utfallet av domen. Har du eit rett høve til Jesus Kristus? Er han din frelsar og Herre? Det vil vera avgjerande for kor du skal tilbringa æva. Difor seier Herren: "Vend om til meg, og du skal leva."

Ein dag skal også du og eg ut på den store reisa. Døden ventar på oss ein plass der framme. Har du budd deg godt til denne reisa? Er du budd til å møta Gud? Vil du kome velberga frå eit møte med han som veit alt om deg og som skal døma deg etter dine gjerningar? Kjære ven! Du treng den gåva som heiter forlating for syndene, og den får du hos Jesus når du tek imot han som din Gud. Vil du det?

Ingen kommentarer: