Gud skapte menneske i sitt bilete, les me. Noko større kan aldri seiast om oss menneske. Og det er så sterkt: Alt i Bibelens første kapittel vert menneskeverdet definert. Alle menneske tilhøyrer i røynda Gud og har Han som sin næraste pårørande, ja, me er frå skapinga av definerte som Hans barn og me ber hans trekk. Me må alltid hugsa: Den som krenkar eit menneske, krenkar Gud vår felles Far. Taper me dette perspektivet, begynnar me å gradera kvarandre etter alle slags ulikskapar og plasserer dei som liknar på oss sjølve høgast.
Men me er skapte for Gud, til å kjenna han og ha fellesskap med han for tid og æva. Dette er den religiøse delen av gudsbilete. Mange veljer bort Gud i vår tid som til alle tider, men å velja bort Gud er å velja bort seg sjølv. Vårt høve til Gud er grunnleggjande for heile vårt liv og vår framtid.
”Så skapte Gud menneske i sitt bilete, til mann og kvinne skapte han dei.”
Me er skapte til å leva i ekteskap. Det er den sosiale delen av gudsbilete. Sjølv om ikkje ekteskapet som institusjon er nemnd her, er det likevel dette Gud talar om. Det ser me ut frå 1.Mos. 2 der Herren seier: ”Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt kjøt.” Heile Bibelen definerer ekteskapet mellom mann og kvinne som den einaste rette samlivsform. Når menneske i dag aksepterer og prisar det likekjønna samlivet, er dette eit opprør mot den gode Gud og hans planar. Ikkje noko mindre. Det fører menneska bort frå Gud og ut i evig ulukke. Det gjeld både dei som driv med dette og dei som oppmuntrar til det.
Alt som vil erstatta eller øydeleggja ekteskapet mellom mann og kvinne, er syndig og i strid med Guds plan og vilje med menneskelivet. Ekteskapet er den grunnleggjande samfunnsinstitusjonen. Ein samfunn kan ikkje fungera og overleva i lengda utan at ekteskapet vert halde i ære.
Og Gud velsigna menneska og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!»
Her ser du Guds plan med oss menneske. Me skal danna familiar, få mange barn og spreia oss over heile jorda for å ta vare på, bearbeida og kultivera skaparverket på hans vegne. Dette er den kulturelle delen av gudsbilete.
Det ligg ein enorm kulturkritikk i det me her les. Skal me ta Guds ord på alvor, og det må me, kan me ikkje føreta oss noko som utryddar plante og dyreartar, ei heller noko som tek livet av skuldlause menneske. Me er søsken og må elska kvarandre og ta vare på kvarandre og på naturen, som trass alt er vårt livsgrunnlag. Hat, omsynslaus griskheit og manglande måtehald har sine røter i helvete. Provosert abort er så langt djevelens styggaste åtak på Gud og hans planar med verda. Kvart unnfanga barn er ei gåve til verda, og var tiltenkt ei heilt spesiell vakker oppgåve av Skaparen. Så mange av Guds planar med verda vil aldri bli realiserte fordi dei som skulle utføra det vart drepne i mors liv. Så mange medisinar vil aldri bli oppdaga fordi dei som skulle oppdaga dei vart drepne før dei fekk sjå dagsens ljos. Så mykje kjærleik har gått tapt, så mykje vakker musikk og poesi, så mykje kunnskap og visdom og så mange vitskaplege nyvinningar vil for alltid bli liggjande utanfor vår erkjenning pga den djevelske krigen mot dei minste av dei små, ein krig som kostar 56 millionar menneske livet årleg.
Det me ikkje veit, har me vondt av.
Arbeidet er ei gåve frå Gud. At me er skapte i hans bilete inneber også at me er skapande og arbeidande som han. Me kan ikkje skapa av ingenting, men me skal skapa av det skapte, konstruera ting, administrera, driva vitskapleg arbeid og uttrykka kunst.
Arbeidet gjev oss menneske meining med livet som få andre ting. Det å yta gjev meir livsglede og livsmeining enn det å nyta. Latskap vert i Bibelen definert som ei synd.
"Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta," skriv Paulus i 2. Tessalonikarbrev.
Denne verda står framfor store utfordringar som vil kreva mykje bøn og stor forstand av oss som trur på og elskar Gud. Men Gud er alltid med sine barn. Han vil gje oss kunnskap, vidsom og ressursar slik at me kan realisera Guds godleik midt i ei verd som til dei grader er komen på avvegar.