mandag 12. juni 2017

Anden, kyrkja og lovsongen

Den kristne kyrkjelyden er det næraste du kjem himmelen på jorda. Kva skjer i himmelen? Mektig lovsong bølgar mot Gud frå myriadar av englar og frelste menneske, og det skjer heile tida.
 I Apostelgjerningane 10 forkynner Peter evangeliet for den romerske offiseren Kornelius og for familien og venene hans.

Medan han talte, fall Den Heilage Ande på dei som høyrde ordet, les me i vers 44. Korleis kunne dei fastslå det? Jo, les me i vers 46: «For dei høyrde dei tala med tunger og lova Gud!»
Ut frå dette avsnittet, og framfor alt Efesarbrevet 5,18-20, kan me trygt slå fast at ein åndsfylte kristne er slike som har hjarta og munn fullt av lovsong til Gud.

Den Heilage Ande fyller oss med Guds kjærleik, men ikkje berre det, han fyller oss også med kjærleik til Gud, og denne kjærleiken strøymer frå oss mot Gud som lovsong og tilbeding.
Kvifor skal me lovsyngja Gud? Vel, heile spørsmålet er forkjært og kjem frå folk som ikkje er fylte av Gud, for dei som er fylte av Gud lovar Gud frå sola står opp til ho går ned som ein reflekshandling. Det berre skjer, og det skjer heile tida. Lovsongen ligg i vårt åndelege DNA, slik som jaktinstinktet hos eit kattedyr. Ingen spør ei løve kvifor ho jaktar på gnu og bøflar. Ho gjer det rett og slett fordi ho er ei løve. Og me lovar, ærar og takkar Gud fordi me er kristne, Guds gode nådebarn.  

Likevel er det eit godt svar på spørsmålet om kvifor me skal lova Gud.  Me finn det i Joh.openberring 5,12: Me gjer det fordi han fortener det. Me har så lett for å beundra og gje kreditt til menneske som har gjort eitt eller anna fortenestefullt. Men ingen fortener hyllest som Gud som skapte himmel og jord, som oppfant blodomlaupet, krebs syklus, seksualiteten, DNA-molekylet, edderkoppspinn og ideen om bia og blomsten, og som i tillegg bar alle våre synder med seg opp på ein kross, overvann døden og stod opp frå dei døde og lever i dag som vår representant i himmelen. Jo, HAN er verdig vår kontinuerlege lovsong.

Så ligg lovsongen oss i blod, me kan ikkje anna, og så har me ei god og solid intellektuell grunngjeving for å halda på med dette.

Er du ein tilbedar? Ikkje det? Be Gud om å fylla deg med seg sjølv, og søk fellesskap med folk som er fylte av Han og oppfører seg deretter, så vil du bli det du også. Det er ein bankers.

Eg har ei bøn som eg ber fleire gongar kvar dag. Kanskje du også kan bruka denne når du er i farten? Det er berre å stoppa opp eit halvt minutt, så har du fått styrka relasjonen din til Gud.
Bøna er slik: «Eg takkar og prisar deg, gode Far i himmelen,  fordi du har skapt meg, og for at du elskar meg med ein evig kjærleik. Eg takkar og prisar deg, gode Jesus, for at du har frelst meg og fridd meg frå syndene mine med ditt eige blod. Eg takkar og prisar deg, gode Heilage Ande, for at du har vekt meg, opplyst meg, fornya meg, fylt meg og utrusta meg. Leid meg og bruk meg denne dagen til di ære. Amen!»
Prøv denne bøna og sjå så kva som skjer i livet ditt, gode ven.

Lovsongen er botnlinja i ein disippels liv, og det som pregar den kristne kyrkja meir enn noko anna, og SKAL gjera det. Kyrkjelyden er det næraste du kjem himmelen på jorda, og i himmelen bølgjar lovsongen mot Gud frå myriadar av englar og frelste sjeler.


Gods Heilage Ande! Kom og fyll oss med deg sjølv, og gjer oss til slike tilbedarar som Far vil ha! Amen.  

Ingen kommentarer: