søndag 11. juni 2017

Det største av alt


Den Heilage Ande elskar oss nett slik som Far og Jesus gjer det. Han opererer i liva våre ut frå kjærleikens gylne prinsipp, og i alt han utrettar i liva våre, tek han utgangspunkt i kven Jesus er og det han har gjort for oss.

Jesus sa til disiplane sine: «På dette skal alle kjenna at de er mine disiplar, at de har innbyrdes kjærleik.»

Den einaste måten me kan identifisera oss på som kristne, og den einaste måten me kan prova Guds eksistens for menneska på er ved at me elskar kvarandre, at me lever som ein familie prega av glede, godleik og solidaritet. Guds kjærleik er limen i den kristne kyrkja. Det er når kjærleiken vert svak at kristne leiarar blir freista til å ta i bruk andre maktmiddel for å halda folk på plass, metodar som tilhøyrer eit heilt anna rike enn Guds.

Dei første kristne hadde eit utvida delefellesskap med felles kasse. Dei gjekk svært langt i dette, og sjølv om den måten DEI levde på økonomisk ikkje er noko norm for Guds kyrkje for all framtid, er det likevel noko djupt kristeleg i dette at ingen kristne kan sjå på det han eller ho eig som sitt eige, men som ressursar for alle i familien, noko som ein forvaltar på Guds vegne. Og då kan det nok koma tider til oss også då det med eit enno sterkare samhald, også på det økonomiske området, vil bli naudsynt.  Endetidskyrkja vil i stor grad likna på urkyrkja.

I Galatarbrevet 5 les me at Andens frukt er kjærleik, glede, fred osv.

Merk deg at det står Andens frukt i eintal, ikkje frukter. Frukta er kjærleiken, og alle dei andre tinga som nemnde er ulike sider ved denne kjærleiken som kjem frå Gud, den som fyller oss med glede og fred osv som me spreier rundt oss uansett kor me bevegar oss.

Den Heilage Ande lærer oss å elska kvarandre med Kristi kjærleik, og denne kjærleiken tvingar oss som fellesskap til å dela evangeliet med dei fortapte. Guds kjærleik strøymer ut frå Gud, inn i oss, og frå oss utover våre medmenneske. Jo meir me tek imot, jo meir har me å gje av lækjedom, glede og hjelp for menneske som lid under djevelens tyranni.

På gresk snakkar me her om  agape, den kjærleiken som dreiv Jesus til å døy for oss på krossen, den usjølviske kjærleiken. Det er DENNE type kjærleik Den Heilage Ande auser ut i hjarto våre. Det handlar djup sympati, empati, omtanke og omsorg for dei uverdige, ein vilje til å lida for at andre skal ha det bra. Kristi kjærleik.

Det store er: Når Kristus har fjerna syndene våre med sitt offer, har me tilgang på uendeleg med kjærleik og kraft slik at me kan tola alle dei offer som kallet til å følgja Jesus måtte krevja av oss. Me er i alle ting omslutta av eit mektig lys, og me er aldri åleine, men alltid med Gud.

Som Guds barn er me fødde av Guds kjærleik, og me nærer oss dagleg av denne kjærleiken. Difor er kjærleiken det som pregar kristne mest av alt i møte med vår neste, og me blir rause inntil det uansvarlege. og dei som ber kristennamnet utan å demonstrera slik guddommeleg kjærleik, er berre kristne i namnet, og duger til ingenting.

Ingen kommentarer: