onsdag 7. juni 2017

Den Heilage Ande herleggjer Jesus

«Han skal ta av mitt og gje til dykk, og han skal herleggjera meg!»
Slik talar Jesus om talsmannen, hjelparen, Den Heilage Ande.
Den Heilage Ande har i oppgåve å herleggjera Jesus for oss arme syndarar. 
Han overtyder menneska om at Jesus lever, at han er Gud og at ingen kjem til Far utan gjennom Han.
Han forklarer for menneska betydningen av at Jesus døydde og stod opp att, og at dette var heilt naudsynt for vår frelse, men også at det han gjorde er fullt ut tilstrekkeleg for oss. Ingen treng leggja noko til det Jesus gjorde. 
Den Heilage Ande framhevar alltid Jesus, og der Anden får makt, begynner alle å relatera seg til Jesus. Anten blir han elska, eller han blir hata. Anten blir han trudd, eller han blir forkasta. Der Anden verkar, bestemmer HAN dagsorden, og ingen kan forhalda seg nøytrale til Jesus. Det blir anten for eller imot. 
Den Heilage Ande er heilag. Der han dominerer, blir det krystallklårt for folk at dei har behov for tilgjeving. Anden set opp ein ny mal for folk, og dei forstår at vantru, tvil, sjølvopphøying, sjølvgodheit, menneskedyrking, skryt, halve sanningar, blanke løgner, grådighet, gniarskap, misunning, sjalusi og sjølvopptatthet og slike ting er synder som me må frelsast frå på lik linje med mord og ran. Slike oppdagingar fører til djup sorg hos folk, for dei ser at dei har vanæra Gud med haldningane sine utan å ha tenkt det minste over det, og dei begynner å lura på kor dei eigentleg har vore. Me kallar det oppvekking.
Men det gøyaste Anden gjer er, saman med Far,  å driva folk til Jesus slik at han kan løysa de ifrå all synd, skuld og skam. Ingen andre i universet kan det. Og dei som kjem til han, blir aldri forviste. Han tek imot dei og syner dei sårmerkene sine, bevisa for at det er fullkomen tilgjeving for alt i og hos han, ei tilgjeving som det er betalt full pris for, og som blir delt ut som ei gåve til alle som vil ha.

Når Jesus blir herleggjort, vert folk frelst. Det løyser ut ein mektig lovsong til Gud. Lovsongen er Guds barns mest naturlege uttrykk. Det skal dei halda på med i all æva. I himmelen blir ingen andre æra enn Guds lam som bar bort verdas synd. 

Ingen kommentarer: