torsdag 1. juni 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 16

  1. Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og skipe familie utan avgrensing av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på dei same rettane når det gjeld ekteskapet, både så lenge ekteskapet varer og medan det blir løyst opp.
  2. Ekteskapet må berre kome i stand etter fritt og fullt samtykke frå begge partar.
  3. Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på at staten og samfunnet vernar om det.

Del 1 av denne menneskeretten blir dagleg krenka i Noreg sidan flyktningar ikkje kan gifta seg utan å ha fått lovleg opphald. Derimot kan dei leva som om dei er gifte. Det er det ingen som bryr seg om. Men for nokon er det utenkjeleg å leva saman som gifte utan å vera det. Desse blir blir av den norske stat frårøva verdifulle år som familiefolk.  

Retten til å gifta seg gjeld på tvers av religiøse, etniske, nasjonale og kulturelle skiljelinjer. Dette er eit ideal som blir krenka over alt i verda, ikkje minst i India der det nærast er utenkjeleg at ei kvinne skal kunna gifta seg med ein mann som kjem frå ein lågare kaste i samfunnet, sjølv om kastesystemet er forbode ved lov. 

Vidare er det også utenkjeleg for ei muslimsk kvinne å gifta seg med ein kristen mann, eller ein mann frå kva som helst annan religion for den saks skuld. Så me forstår at dette er ein høgaktuell menneskerett. 

Del 2 av denne artikkelen blir broten i mange land der unge jenter blir tvinga til å gifta seg med eldre menn. Det er titusenvis av slike menneskelege tragediar som skjer kvart einaste år. 

Eg er veldig glad for del 3. Der blir det fastslått at kjernefamilien med mor, far og barn er samfunnet si grunncelle, og har rett på spesielt vern frå styresmaktene si side. I dag blir alle slags familiekonstellasjonar sett på som likeverdige i Noreg og mange vestlege land, men Menneskerettsfråsegna tenkjer høgast om kjernefamilien og vil at styresmaktene skal favorisera denne. 

Ingen kommentarer: