fredag 16. juni 2023

Er retten til å elska den ein vil ein menneskerett?

 I juni månad blir det stadig repetert for oss at det er ein menneskerett å elska den/dei ein vil.

Men dette stemmer jo ikkje. Menneskerettsfråsegna inneheld 30 artiklar, og ingen av dei handlar direkte om seksualitet. Det næraste me kjem er artikkel 16 som garanterer alle vaksne kvinner og menn rett til å gifta seg og stifta familie, og her må me forstå fråsegna slik at ei kvinne har til å gifta seg med ein mann og få barn med han og vise versa. Likekjønna ekteskap var jo heilt uaktuelt i 1948, og heilt ute av synsvidda.

Korleis kan då sentrale politikarar i Noreg framleggja skeive sine rettar som grunnleggjande menneskerettar? Dei kan jo ikkje det.

Ut frå norsk lov har skeive alle dei rettar som ikkje-skeive har. Men norsk lov er ikkje ein del av menneskerettane sjølv om menneskerettane er ein del av norsk lov. Dette er ein viktig distinksjon.

Etter norsk lov kan altså alle i Noreg elska dei dei vil. Den kampen er vunnen for lenge sidan. Men det er ikkje ein menneskerett.

Kvifor skal då dei skeive okkupera ein heil månad i året for å kjempa for rettar dei alt har fått? Svaret synest å vera at dei er blitt ei politisk rørsle som ønskjer å ta samfunnet i ein ny retning, og i alle fall redusera den krafta dei kristne normene tradisjonelt har hatt i samfunnet. Her ser det ut til at dei har gode allierte i Human Etisk Forbund, Den norske kyrkja og faktisk hos dei fleste av Stortingspartia, KrF inkludert.

Som kristen minoritet står me fast på at seksuallivet høyrer heime innafor ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann. Det tener oss best. Me trur både på Gud og Bibelen, og meiner at Skaparen åleine har definisjonsmakta på rett og galt. Han vil oss berre det beste, og gav oss boda sine for å verna oss mot det vonde, og boda hans gjev både visdom og lukke for dei som følgjer dei.  

Ingen kommentarer: