"Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» Johannes 13,34-35. Her skildrar Jesus "samfunnet av dei heilage" slik som han ville det skulle vera: så lyst, nært og varmt at det tiltrekker seg folk frå alle kantar. Ingenting er så evangeliserande som ein kristen kyrkjelyd der Kristi oppofrande kjærleik pregar relasjonane mellom folk. Og er ikkje dette på plass, vil eg tru at all annan evangelisering vil ha avgrensa effekt.
fredag 29. september 2023
Eit samfunn av dei heilage
Når den apostoliske truvedkjenninga spanderer to setningar på kyrkja, må dei første kristne ha sett på henne som det viktigaste i tilværet utanom Gud sjølv. Og det har dei god dekning i Bibelen for å gjera. Kva lærte dei oss om kyrkja? At ho er heilag og allmenn (katolsk), og då er det snakk om den verdsvide kyrkja, altså alle kristne i alle land. Heilag, fordi medlemmene er tilgjevne og reinsa frå all synd ved trua på Jesus, allmenn fordi ho er open for alle. Den neste setninga: "samfunnet av dei heilage" meiner eg handlar om den lokale kyrkjelyden. Ingen kan ha samfunn med alle kristne i heile verda, men me kan ha samfunn med kvarandre lokalt. "Samfunn" er eit langt sterkare ord enn "fellesskap". Fellesskap kan vera prega av ganske svake bindingar. Men "samfunnet av dei heilage" handlar om sterke bindingar mellom personar som trur på Jesus, som har forplikta seg på å ta vare på kvarandre, og som, under leiing av lokale hyrdar, saman vil gjera Jesus kjent for verda. Den lokale kyrkjelyden er Jesu organisasjonsmodell for sitt rike på jord. Korleis kan de då ha seg at kristne i dag lagar seg sine eigne modellar som dei trur fungerer betre?
Ei heilag, allmenn kyrkje
God søndag. I dag tenkjer eg på den apostoliske truvedkjenninga artikkel 3. der det står at "eg trur på Den heilage ande, ei heilag allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage...." Er ikkje dette smått utruleg at dei første kristne fann grunn til å proklamera for kvarandre og verda at dei trudde på KYRKJA i ei vedkjenning der dei ville oppsummera trua på GUD? Men desse truande hadde forstått noko vesentleg. Då Paulus reiste til Damaskus for å arrestera kristne og møtte Jesus som ein vegg utanfor byporten, fekk han spørsmålet: "Saul, Saul, kvifor forfølgjer du MEG?" Jesus er så eitt med kyrkja si at dei som forfølgjer henne, forfølgjer han. Ho er hans kropp, og kvar enkelt kristen eit lem på denne kroppen. Saman utgjer me eit meir eller mindre klårt bilete av Kristus, alt etter tilstanden i kyrkjelyden med tilhøyrer. Det skulle oppmuntra oss til å leva nær til Jesus og til kvarandre. Kristne som vil leva nær til Jesus, men som vil kjenna seg frie i høve til kyrkjelyden, koma og gå som det høver seg, er på feil kurs. Dei er armar og bein på sjølvstyr.
På dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje
Matteus 16,18: "og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje!" Kva gjer Jesus? Han byggjer si kyrkje. Korleis gjer han det? Ved å byggja lokale kyrkjelydar. Og så eit viktig poeng: Paulus definerer seg sjølv og venene sine som "Kristi medarbeidarar". Difor planta dei kyrkjelydar overalt der dei forkynte evangeliet. Nokon annan måte å organisera Guds rike i verda på kjende ikkje den store apostelen og teama hans. Er du ein Kristi medarbeidar? Då veit du kva du har å gjera, du også: Vera aktivt med i ein disippelgjerande kyrkjelyd som har planting av nye kyrkjelydar på programmet sitt. Organisasjonar og kristne foreiningar har sin verdi, men erstattar dei den lokale kyrkjelyden, då har det skjedd ein feil.
mandag 14. august 2023
Når kristne kyrkjer motarbeider Gud
Me som er kristne står alle i fare for å motarbeida Gud. Det skjer kvar gong me bryt boda hans. Det skulle ikkje skje, men det skjer, og kvar gong er det noko som vert øydelagt.
Men når me
innrømmer feila våre, kan Gud for Kristi skuld tilgje oss, og så kan me jo
prøva å retta opp så mykje som mogeleg av den skade me har gjort.
Men alt blir
annleis når me ikkje lenger vil godkjenna Guds bod i Bibelen som Guds. Då ser
me ingen grunn til å innrømma noko som helst, tilgjeving er irrelevant, og me
finn heller ingenting å retta opp i.
Alle som
annullerer Guds lover, motarbeidar Gud på ein langt meir alvorleg måte enn dei
som bryt lovene og innrømmer skuld.
Guds reglar
for samliv mellom kjønna har Guds kyrkje alltid sett på som gode, sanne og
tenlege. Ekteskapet mellom mann og kvinne vart innstifta i Edens hage før
syndefallet då Gud sa: «Difor skal mannen forlata far sin og mor si, og halda
seg til kona si og dei to skal vera eitt kjøt.» Seinare la Gud ned forbod mot
likekjønna samliv, og likekjønna ekteskap er difor ikkje ein gong eit tema i Bibelen.
Men for den
kristne kyrkja i dag er det derimot blitt eit stort tema, ikkje lansert av Gud,
men av dei homofile sine organisasjonar. Den norske kyrkja og Metodistkyrkja
har begge endra syn. Begge kyrkjesamfunna aksepterer no likekjønna ekteskap, og
det som Bibelen ser på som gale, ser desse kyrkjesamfunna på som rett. Slik er
dei komen i konflikt med Bibelens Gud. Og sidan dei prøver å få folk til å tru at
Gud i dag aksepterer det han på bibelsk tid la ned forbod mot, blir dei
forføreriske, og streng er den domen som Kristus fell over dei som forfører
menneska.
Det er mitt
høgaste ønskje både for Den norske kyrkja og Metodistkyrkja ein dei ein dag vil
venda om frå si ubibelske lære, sørgja over løgnene sine og søkja nåde og
frelse ved foten av Kristi kross.
Ingen har
grunn til å setja seg på sin høge hest. Me er som kristne feilande, sårbare og
påverkelege menneske. Utan Gud og hans nåde er me ingenting. Lett kan me koma
til å påstå at Gud står for noko han ikkje står for, og lett er det for oss å
teia still om saker og ting me veit er rett å snakka om, men som vil skapa
vanskelege kjensler og reaksjonar i folk. Me er jo snille folk, og vil jo ikkje
at nokon skal ha vonde kjensler. Men i møte med Gud er det umogeleg å unngå
vonde kjensler når han påviser for oss at livskursen vår er feil, og at me vil
gå fortapt dersom me ikkje tek sjølvkritikk og vender om til han og hans rettsoppfatning.
Framleis kallar Jesus oss til å følgja seg, til tider gjennom svært krevjande
terreng då det kostar meir å følgja han enn det smakar. Men ulikt alle andre
vegar, er dette den einaste som fører fram, og det er eit viktig poeng.
søndag 30. juli 2023
I dag handlar Olsok om rekristninga av Noreg.
I går feira me olsok til minne om at Olav den heilage døydde på Stiklestad. Det er ikkje så mange nordmenn som bryr seg om å feira olsok lenger, men nokre av oss heiste flagget. Olav Haraldson skal visstnok ikkje ha levd med så høge moralske krav til seg sjølv under sitt jordiske kongeliv, men då det skjedde mirakler (jærteikn) rundt liket hans, vart han fort helgenforklart. Men det skal Olav ha: I 1024 innførte han kristne landslover i Noreg (som skal feirast etter alle kunstens reglar på Moster til neste år, og eg gler meg), utrydda avgudsdyrkinga og kravde av undersåttane sine at dei skulle be til "den kvite Krist", altså Jesus fra Nasaret. Dette skapte eit stort skilje i historia. Kyrkjer skulle byggjast, prestar innsetjast, folket få kunnskap om den Gud som skapte himmel og jord, polygamiet vart avskaffa, slavar kunne få fridom, søndagen vart ein kviledag for alle og det vart forbode å setja funksjonshemma barn ut til villdyra. Kristninga av Noreg var for alvor i gang.
Men det hadde jo vore i gong ei stund. Munkar frå England hadde stranda på vestlandskysten, og hamra ut og sett opp steinkrossar i mange bygder, m.a. på Haugalandet.
Håken den gode hadde sikkert hatt med seg nokre av dei, og sjølv om han følte at han mislukkast med kristninga si, sette han djupe spor etter seg.
I dagens samfunn er dette imidlertid kun ein kuriositet. Kristus har i røynda mista autoritet over det norske folk, både over kvarmannsen, Stortinget, regjeringa, domstolane, pressa, helsevesenet og utdanningssystemet. Kva han måtte meina om saker og ting er i\uinteressant for dei fleste, og Bibelen med all sin storarta visdom blir i liten grad lesen. No er det framande "gudar", ideologiar og normer som rår grunnen.
Noreg er blitt verdas mest sekulariserte land, blir det sagt, der kun 10% trur at Jesus har stått opp frå dei døde og lever i dag.
Me kan trygt seia at Noreg er blitt eit misjonsland i den forstand at nordmenn flest ikkje har den kunnskapen om Gud som er naudsynt for at dei kan bli frelst.
Difor må no kvar norsk kyrkjelyd framover sjå på seg sjølv som ei misjonsrørsle. Det handlar om å kjenna Kristus og å gjera han kjent, som Ungdom i Oppdrag uttrykkjer det i sitt motto.
I dag handlar olsok ikkje om kristninga av Noreg slik den hende for tusen år sidan, men om rekristninga av landet vårt. Det er den utfordringa som møter oss kristne i dag, og denne kristninga skjer ved å disippelgjera kvar enkelt nordmann. Her må me innstilla oss på å gå grundig til verks.
søndag 16. juli 2023
Ny meiningslaus setning frå priderørsla blir hylla som klokskap på øvste nivå
Talsmenn for priderørsla seier gjerne at "ingen er fri før alle er fri". Det er ein ganske merkeleg setning. Kan han vera sann? Nei, sjølvsagt er han ikkje det. Norske fengsel må jo ikkje tømmast før nordmenn flest skal kunna føla seg som frie menneske. Det er i grunn rart at slike meiningslause setningar kan presenterast som ein slags form for nyvunnen innsikt. Kva tyder forresten fridom i pridesamanheng? Truleg at alle skal føla seg fri til å leva etter lystene sine utan å støyta mot moralske grenser. Men det er ikkje fridom. Tvert om. Dei som lever etter sine lyster, vert slavar under lystene sine, seier Bibelen, lyster som driv dei inn i ein egosentrisk livsstil som er destruktiv både for dei sjølve og for andre som dei involverer i livsstilen sin. Den sanne fridomen får me når me overgjev liva våre til Jesus Kristus, og innordnar oss etter hans lover og bod. Jesus frelser oss frå oss sjølv, og det treng me.
