mandag 16. november 2009

Oppgjer og forsoning

Det heiter at tida lækjer alle sår. Men det stemmer ikkje. Berre dei overflatiske såra vert lækt av tida. Dei djupe sjelesåra kan berre lækjast gjennom ærlege oppgjer med bøn om tilgjeving.

Den australske regjeringa viser veg. I februar 2008 bad stasminister Kevin Rudd (bildet) aboriginarane om tilgjeving både for tvangsassimileringa dei i mange år var utsette for, og for at styresmaktene tok barna deira og innlosjerte dei på barneheimar der dei vart utsette for grove overgrep og simpel utnytting.

Og no har dei gjort det igjen. Under ein gripande seremoni i dag (måndag 16.november 2009) bad statsminister igjen om tilgjeving, denne gongen til tidlegare engelske barneheimsbarn som mot sin vilje vart frakta frå England til Australia etter den andre verdskrigen. Der vart dei utsett for meiningslaus, svært audmjukande og krenkande handsaming. Rudd talte lenge og utfyllande om overgrepa som hadde skjedd og bad offera om tilgjeving.

Det var ikkje mange tørre augo å sjå mellom dei frammøtte som fekk høyra den audmjuke og grundige talen til Rudd. Endeleg, etter så mange år, kom den store dagen då dei fekk oppleva oppreising for all den urett dei vart påførte gjennom mange og lange år i slaveri og krenking.

Sann forsoning og tilgjeving mellom menneske kan berre skje som eit resultat av ærlege oppgjer. I Bibelen les me at Jesus var full av ”nåde og sanning”. Desse to fenomena heng nøye saman. Utan sanning, kan det ikkje koma nokon nåde. Men dersom det ikkje finst utsikter til nåde, er det vanskeleg å få fram sanninga.

Den som krenkar sitt medmenneske, krenkar også Gud som har skapt og elskar oss alle. På eitt eller anna nivå har me alle gjort galt mot vår neste, og dermed mot Gud. Skal me etablera og leva i sant fellesskap med Gud og vår neste, må me snakka sant både med den eine og den andre. Og i Bibelen les me at ”dersom me ikkje vil innrømma av me har synd, då er ikkje sanninga i oss. Men dersom me snakkar sant om syndene våre, er han (Gud) trufast og rettferdig slik at han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett.” Skal du bli eit Guds barn med von om evig liv saman med Gud, skal du snakka ærleg ut med Gud om di fortid, både det som har vore godt, leit og heilt feil. Då kjem han til deg med sin lækjande og livgjevande kjærleik, og du vil oppleva at han gjer deg til eit nytt menneske.

Ingen kommentarer: