mandag 16. november 2009

På sporet av ein far?


Søndag etter søndag sit me og ser ”Tore på sporet”, og me let tårene renna ganske fritt kvar gong ei dotter eller ein son får kontakt med ein far eller ei mor som dei aldri har møtt eller kjent før. Som kvinna på bilete opplever dei alle at mange ting fell på plass i liva deira, dei kjenner seg meir heile og forstår meir enn før av seg sjølv.
Opphav og slektsband er viktig. Kvar gong eg ser desse programma til Tore Strømøy, tenkjer eg på forteljinga i Bibelen om ”den bortkomne sonen”, han som fekk livsarven på forskot, forlet farshuset og spelte bort alt han hadde. Det gjekk skikkeleg gale med han, og han kom til dei grader på bar bakke. Ansvaret for elendet måtte han bera sjølv. Han kunne ikkje skulda på nokon andre.
Men heime gjekk faren og verkte og lengta etter guten sin, og kvar dag sto han ute på tunet og speida nedetter vegen i von om å få sjå sonen på heimveg.
Denne faren er eit bilete på Gud. Tolmodig ventar han på sine bortkomne menneskebarn, ventar og ventar, og utolmodig let han venene sine senda ut slike innlegg som du no les for å seia: ”DU ER VELKOMNE HEIM. EG ELSKAR DEG, BARNET MITT. KOM HEIM TIL MEG, OM IKKJE ANNA ENN FOR MI SKULD. EG BRENN AV LENGSEL ETTER DEG!”
No og då kjem det ein og annan attende. Då blir det fest i himmelen hos Gud. Han sparer ikkje på noko når eit menneske vert kristen.
GUD ER DITT OPPHAV OG DIN RETTE FAR. Han skapte deg til seg og for seg, og når du kjem til han med livet ditt, vil du kjenna at alt fell på rett plass . Dessutan ventar det deg ein FARSARV. Når du kjem til Gud, vert du automatisk arving til DET EVIGE LIVET. Det høyrer med til det å vera kristen.
Er du på sporet etter Gud? HAN ER PÅ SPORET ETTER DEG. Vil du la deg finna?

Ingen kommentarer: