søndag 22. november 2009

Eit lett val?


Frilansjournalist Pål Refstad skal ha valt å konvertera til islam då han nyleg vart kidnappa i Afghanistan. Det var prisen han måtte betala for fridomen. ”Det må ha vore eit lett val”, sa språkprofessor Finn Erik Vinje.

Kanskje det var lett for Pål Refstad. Men valet hadde vore vanskeleg, for ikkje å seia umogeleg, for einkvar kristen som trur på Jesus. Kvar dag får forfølgde kristne dette tilbodet i fanget. Men dei avslår fridomen dersom vilkåret er å fornekta Kristus. Kvifor det?

Kristne har ein verdi i liva sine som er større enn den fysiske fridomen, ja større enn livet sjølv, nemleg Guds kjærleik. Denne kan me ikkje sei i frå oss eller fornekta for nokon pris. Det er som å fornekta seg sjølv eller si eiga mor. Gud har med sin nåde og godleik forgylla liva våre på ein slik måte at me berre vil æra han medan me lever og i all æva etterpå.

I Getsemane sto Jesus på val. Han hadde sjansen til å gå utenom ein pinefull død på ein kross. Han bad: ”Far, er det mogeleg så lat denne skåla gå meg forbi, men ikkje som eg vil, berre som du vil.” Kva skål ville han gjerne sleppa? Den smertefulle døden på krossen for verdas synd, dårskap og vondskap.

Jesus valde den tunge vegen og ikkje den lette. Kvifor? Fordi han elska oss menneske så høgt at han var villig til å ofra sin eigen fridom for vår velferd. Det var ikkje eit lett val, men likevel eit rett val, eit val etter Gud vår Fars vilje.

Gud stiller alle menneske som høyrer om Jesus på val, og utfordrar oss til etterfylging. Jesu læresveinar svara ja, og skapte historie. Det vil du også gjera dersom du overgjev deg til han som elskar deg og gav seg sjølv for deg. Det er kanskje ikkje eit lett val for deg, men det vil vera eit rett val.

Ingen kommentarer: