torsdag 25. februar 2010

Døra


Me er slik laga som menneske at me må ha noko meir i livet enn mat, klede, sosialt samvær og sex. Me er både kropp, sjel og ånd, og dei åndelege behova våre kan me berre få fylt hos Gud. Og då er det viktig at me veit kor Gud er, slik at me kan finna han. Jesus seier om seg sjølv i Johannes 9: "Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst". Å gå inn gjennom Jesus, er det same som å ta imot han eller tru på han. Tru at han døydde for våre feil, og at han sto opp att frå dei døde og er ein levande Gud midt i mellom oss den dag i dag. Det er mange religionar og mange meiningar om korleis Gud er og korleis me kan finna han. Men ingenting av dette fører fram. Berre ein inngang til Guds rike er legitim, og det er Jesus Kristus, Guds Son. Korleis kan du så finna Jesus? Ved å kalla på namnet hans. Sei berre: "Jesus, kom inn i mitt liv, gje meg frelse og bli min Herre!" Når du inkluderer han i ditt liv, inkluderer han deg i sitt liv. Opnar du for han, opnar han for deg.

Ingen kommentarer: