onsdag 24. februar 2010

Om å sjå Jesus


Fokuser på dei 4 små prikkane i midten av bilete i 30 sekund. Len deg bakover og lukk augo dine, så vil du sjå Han...

Jesus lækte ein mann som hadde vore blind frå fødselen av. Det kan me lesa om i Johannesevangeliet kapittel 9. Mannen vart naturlegvis glad, medan farisearane vart sure. Dei hadde ingen sans for Jesus, og meinte han var ein bedragar og sjarlatan, og dei ville problematisera underet. Men mannen visste kva han hadde erfart, det var ikkje noko å diskutera, og han forsto at Jesus var komen frå Gud.
Seinare forsto han meir: at Jesus er Messias, frelsarkongen, og han sa: "Eg trur, Herre" og fall ned for Jesus og tilba han som den Gud han er. I første omgang vart han lækt. Så vart han frelst. Å vera frelst, kristen om du vil, er å tru på, elska og tilbe Jesus.

Det er ikkje dei fysisk blinde som er blinde, det er dei som ikkje forstår kven Jesus er, og som ikkje vil tilbe og elska han. Eg vart ført til Jesus av ein fysisk blind (Jesus hadde lækt han for dette ein gong, men andre gongen sjukdomen kom hadde Herren andre planar), likevel "såg" han Jesus klårare enn dei fleste og kunne visa meg "Guds lam som bar bort verdas synd". I dag er Jesus mi frelse, mitt håp, min kjærleik og mi glede. Han viste meg seg sjølv, og kvar dag ser eg han for meg og tilber han som MIN GUD.

Ingen kommentarer: