fredag 29. september 2023

Grensene for kristen einskap

 "Me kan vel stå saman som kristne sjølv om me ikkje er einige i alt", heiter det gjerne. Og svaret på det er både ja og nei. Det kjem nett an på kva det er snakk om. Einskap må vera basert på sanning, og nokre sanningar veg tyngre enn andre. For meg er det viktige at mine samarbeidspartnarar

1) har Bibelen som den einaste kjelde til kva me skal tru, og korleis me skal leva, og som meiner at dersom me skal finna fram til semje i dogmatiske og etiske spørsmål, så må det vera ut frå ærleg arbeid med Bibelens tekstar,
2) sannar at Jesus er sann Gud og sant menneske komen i kjøt og blod,
3) trur at Jesus døydde for våre synder og stod opp til vår rettferd,
4) og at Han er den einaste vegen til Far og himmellukka,
5) forkynner at menneska blir evig frelst ved å venda om frå sine synder og tru på Jesus som Guds Son og verdas frelsar.
Og i tillegg:
I vår tid då det brenn kraftig på samlivssektoren, vil eg avgrensa mitt samarbeid til dei som hevdar at det fysiske seksuallivet utelukkande høyrer heime i det livslange ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann, og som hevdar at all tale om ein tredje kjønnskategori, flytande kjønn, kjønn som ei subjektiv kjensle, den ville og umogelege tanken om "å vera fødd i feil kropp" osv. ikkje kan sameinast med Bibelens lære, og difor ikkje kan hevdast korkje i forkynning, opplæring eller sjelesorg.

Kristen einskap del 2

 I Johannes 17 ber Jesus for heile si kyrkja si fram til han kjem att for å henta ho heim til seg sjølv. Og han ber m.a slik: "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg." Her ser me det: Einskapen mellom kristne innafor eit lokalt overkomeleg område er ein av nøklane til samfunnsvekking. For når verda ser einskapen (berre lokal einskap kan vera synleg), så vil dei koma til å tru. For eit kraftig insitament for alle kyrkjelydsleiarar til å koma saman og leggja til rette for nære relasjonar mellom truande i dei ulike forsamlingane. Og det er mange gode ting kyrkjelydane kan gjera saman. Eg tenkjer på bønedagar, lovsongskveldar, evangeliseringsaksjonar, og senda folk ut for å gjera godt. Vil me samfunnsvekking? Då må me lytta til Herren Jesus og lyda han. Me er naturleg proteksjonistiske, synst best om vårt eige og vil bruka tid å krefter på å utvikla dette. Men her syner Herren oss sin veg.

Kristen einskap del 1

 I Johannes 17 ber Jesus om at disiplane hans må vera eitt slik som han og Far er eitt. Dette er ei sterk bøn. Kan du tenkja deg ein sterkare einskap enn den som er mellom Faderen og Sonen? Sjølvsagt ikkje. Og så til neste punkt: Å vera kristen er, gjennom dåp og tru å vera innpota i denne guddommelege einskapen. "Eg er det sanne vintreet, og de er greinene," seier Jesus i Johannes 15,5. For ein privilegium me er blitt tildelt. Dette gjer oss glade. Men me må innsjå at me som kristne, trass i Jesu inderlege bøn, er splitta opp i mange fraksjonar. Fordrar denne bøna noko av oss? Ja, for einskap kjem ikkje av seg sjølv. For hadde einskap kome av seg sjølv, trong ikkje Jesus å be. Einskapen må kjempast for. Og den viktigaste kristne einskapen er den me kan etablera i lokalsamfunna. Og her kviler eit særleg ansvar på pastorar, prestar og forsamlingsleiarar. For dersom desse ikkje kjem saman og inviterer medlemmene til felles lovsong, bøn og undervisning, vil medlemmer i ulike fellesskapa finna saman og etablera tverrkyrkjelege subgrupper utanfor kyrkjelydane. Det skjer fordi dei oppdagar kvarandre og blitt glad i kvarandre. Men eg er ganske overtydd om at Jesus ville at all denne kjærleiken mellom dei truande på ein plass skulle få utfalda seg ved at kyrkjelydane står saman for å kunna gje eit meir fulltonande bilete av Jesus for befolkninga elles, for det er kyrkjelyden som er hans kropp. Vel, eg skriv litt meir om Johannes 17 og den kristne einskapen i morgon. Ha ein strålande dag. Søk Gud, lev sterkt og ver snill.

Hyrdesinnet

 Det er fem ulike leiartypar i kyrkja, skriv Paulus i Ef 4: Apostel, profet, evangelist, hyrde og lærar. Dei har kvar sin funksjon. Likevel er det grunn til å påpeika at Jesu hyrdesinn må vera til stades som ei berande kraft både hos apostelen, profeten, evangelisten og læraren. Peter var sjefsapostel. Kva var hans oppgåve? Å fø lamma, vakta sauene og fø sauene, altså hyrdeoppgåver (Joh.21). Ein hyrde er oppteken av den enkelte kristnes ve og vel. Apostlar og profetar osv. blir mest oppteken av si eiga teneste dersom dei manglar hyrdesinn, og vil gjerne bli lagt merke til av mennesker. Har dei alt fått si løn?

Den gode hyrdingen

 "Eg er den gode hyrde," seier Jesus i Johannes 10, og for jødane var det ingen tvil om kva han meinte då han sa desse orda. Dei høyrde i sitt indre både Salme 23,1 der David seier: "Herren er min hyrde", og Esekiel 34,11 det Gud seier: "Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei." Jødane var ikkje i tvil: Jesus identifiserte seg sjølv som den Herre og Gud som talar, og som det vert tala om, i Det gamle testamentet. Og heile Det nye testamentet byggjer på vedkjenninga av Jesus som Herre. Han er JHVH, skaparen av himmel og jord, og det er det han er. Og alle som anerkjenner han som sann Gud, blir tilgjevne alle sine synder og anerkjente som Guds barn i himmelen. Storarta.

Kristent leiarskap del 2

 Alle kristne kjenner Jesus som "den gode hyrdingen". Han oppsøkte oss, frelste oss ut av synd, skuld og skam og tok oss med til Farshuset der me no kan leva som lukkelege barn av Gud.

Jesus er eit førebilete for alle kristne, men i særleg grad for pastorar, og her er hyrdemetaforen sentral. Kva er oppgåva til ein hyrde? Stillingsbeskrivelsen finn me ved å lesa Esekiel 34
1) Styrka dei svake
2) Lækja dei sjuke
3) Forbinda dei skadde
4) Leita opp dei bortkomne
6) og føra dei til "feite beitemarker".
På ein måte er dette oppgåver for alle truande, men i særleg grad for pastorar. Og dersom ein eller annan pastor les dette, vil eg oppmoda deg om å sjekka tenesta di opp mot denne lista kvar dag for å sjå om du held på med dei rette tinga.
Det ligg til hyrden at han samlar "sauene" sine rundt seg. Ein pastor samlar dei også, men ikkje rundt seg sjølv, men rundt Jesus, sjølve overhyrdingen. Det er jo Han me tilber, ærar, elskar og tener. Det er Han det handlar om, det er Han som har verdi og som gjev alle oss andre verdi.

Kristent leiarskap del 1

 Bibelen legg umåteleg stor vekt på verdien av godt leiarskap. Leiarane i kyrkja står som ein vegg mot dei vonde åndsmaktene for å verna dei truande mot dødbringande demoniske åtak. Ingen treng forbøn som dei. Dersom denne muren sprikk opp, opplever medlemmene i kyrkja tunge åtak av tvil, freistingar og mismot. Det ser me dessverre meir enn nok av i vår tid. For å bøta på feil, må me alltid attende til Bibelen og bli kalibrert på det som Gud har openberra gjennom apostlar og profetar. Og skal me finna ein god modell for åndeleg leiarskap i kyrkja, må me studera pastoralebreva: Paulus sitt 1. og 2. brev Timoteus og Titus brev. Kva ser me der?

Jo at kyrkjelydane vart styrte av eldste og diakonar. Det er ingen grunn til å tru at andre modellar for kyrkjeleiing er betre enn denne. Dei eldste var "hyrdar" for flokkane, og hadde ansvaret for undervisning og rettleiing. Dei vart på gresk kalla presbytos (eldste) eller episkopos (tilsynsmann), og desse omgrepa vart brukt om einannan (kyrkjemøter, prostar, kapellanar og andre snodige nemningar finn me ingenting av i Bibelen). Diakonane hadde hovudansvaret for hjelpetenester og økonomi, men var også gjerne ivrige forkynnarar, som Stefanus. Både eldstebrørne og diakonane vart ordinerte til teneste meir ut frå etiske parameter enn karismatiske. Etter det eg kan forstå sto dei i teneste på ubestemt tid, helst på livstid. Slik representerte dei ein kontinuitet i dei truande sine liv. Me ser i Bibelen aldri teikn til eit presteskap som i GT der presten er ein mellommann mellom Gud og kyrkjelyden (som i den katolske kyrkja), eller superpastorar som høyrer frå Gud for alle dei andre. Nei, det er tydeleg at leiarskapet skulle vera kollektivt, noko Jesus også må ha meint sidan han peika ut 12 apostlar med lik status til å leida den første kyrkjelyden i Jerusalem. At Peter var ein talsperson for dei alle, endra ikkje noko på dette. Eg meiner difor at det vil vera godt om alle kristne samfunn eller fellesskap går attende til Bibelens modell for leiarskap, og at kvar lokal kyrkjelyd styrer seg sjølv og kallar sine eigne leiarar (eldste og diakonar) utan tvang frå overordna organ.