søndag 18. juli 2010

Bibelen som kjelde til all kristendom

Bibelen er kjelda til all kristen tru. Der møter me Gud som skapar, Jesus som frelsar og Den Heilage Ande som inspirator og kraftkjelde.

Bibelen er boka over alle bøker. Inga bok i verda kan måla seg med den i utbreiing (meir eller mindre omsett til 2800 språk), og inga bok har som Bibelen forma både enkeltmenneske, nasjonar og heile kulturar. Kvifor er det slik? Fordi den som les Bibelen med eit ope sinn merkar den veldige autoriteten i det som står der. Orda lever. Dei smakar godt, ofte sterkt, nokre gongar ramsalt, andre tider beiskt, det er ord frå Gud talt inn i menneskers daglege liv i fred som i krig, i medgang som i motgang, i velstand som i fattigdom, i fridom som i trældom, ord som opnar opp ei ny verd for lesaren, opnar opp ein veg inn i Guds tanke og vilje, ja, inn til Gud.

Bibelen er eit rop frå Gud til fortapte og vrange menneske, eit kall til nytt fellesskap. Han ber oss om å snu oss bort frå synd og vondskap og begynna å dyrka det gode og det sanne, og fellesskapet med Han som kjelde til alt godt og sant.

Bibelen er vanskeleg å forstå, seier mange. Men det er sjølvsagt ikkje sant. Noko er vanskeleg å forstå, men veldig mykje er lett å forstå. Mark Twain sa det slik: "Folk flest har problemer med det i Bibelen dei ikkje forstår. Eg har problemer med det eg forstår". Han fann orda svært utfordrande. Og igjen er me attende til dette: Problemet er ikkje intellektuelt, men moralsk.

Ein annan sa det slik: "Personar er ikkje motstandarar av Bibelen fordi han motseier seg sjølv, men fordi han motseier DEI. "

Bibelens bodskap er så radikal at det har vore viktig for det moderne menneske å finna gode grunnar for å sleppa å ta han alvorleg. Skulle Bibelen vera sann, kan ingen lenger leva etter sitt eige hovud (noko som me likar godt), men etter Guds. Alt anna ville vore det reine sjølvmordet.

Fellesskap føreset kommunkasjon. I Bibelen kommuniserer Gud sine tankar og sitt hjarta til oss, og det han seier fordrar endring. Skal det gå oss vel, kan me ikkje leva på sjølvstyr etter våre lyster, men bøya oss for Guds vilje og leva ærlege liv i kjærleik til han og vår neste.

Ingen kommentarer: