torsdag 8. juli 2010

Å sjå Gud, eit spørsmål med moralske implikasjonar

Jurij Gagarin var det første menneske som vart skote opp i verdsrommet. Det var i 1961. Då han kom attende, kunne han triumferande fortelja at han ikkje kunne sjå nokon gud der oppe, og dei ateistiske styresemaktene i Sovjetunionen fekk eit kjærkome argument i sin antireligiøse propaganda.

Jurij Gagarin vart ein nasjonal helt, og alle ungdomane i landet vart fortalt at Gagarin ein gong for alle hadde gravlagt førestellinga om Gud.

Men ei kristen jente i ein skuleklasse kunne sin bibel. Då læraren fortalde om kva Gagarin ikkje hadde sett, rekte jenta opp handa si og sa: "Men det må berre bety at Gagarin har eit ureint hjarta. For det står skrive at "lukkelege er dei reine av hjarta, dei skal sjå Gud!""

Jenta traff spikaren på hovudet. Problemet er moralsk, ikkje intellektuelt. Menneska kan ikkje sjå Gud fordi syndene deira skuggar for han. Menneska elskar umoralen sin, løgnene, horeriet, sviket, latskapen, sjølvdyrkinga, sjølvhevdinga, nytingssjuka, griskheten, rasismen og kynismen, og dersom dei ikkje begynner å sørgja over sin tilstand og innrømmer sine brudd på Guds gode vilje, kan dei aldri sjå Gud. Men dei som sannar syndene sine, vil få dei tilgjevne, og dei merkar straks at dei har ein Gud som er nær hos dei og som elskar dei. Jesus Kristus kom til verda for å gje oss tilgjeving for synd og for å reinsa hjarto våre slik at me kjem på bølgelengde med Gud i himmelen. Om du ikkje har gjort det: Sann syndene dine og opplev Jesu forvandlande kraft i livet ditt.

Ingen kommentarer: