tirsdag 6. juli 2010

Korleis me kan få auga på den usynlege Gud

Då Galileo Galilei tidleg på 1600-talet retta teleskopet sitt mot Jupiter, kunne han sjå noko som ingen andre hadde sett før han, nemleg at planeten hadde månar. Men ikkje berre det, han såg også at månane bevega seg i banar rundt planeten. Då han retta kikkerten sin mot Venus, såg han at denne planeten hadde fasar på same måten som Månen har det, og på den måten kunne han føre prov for at Jorda bevegar seg rundt Sola og ikkje omvendt. Ved å bruka teleskopet, vart det usynlege synleg. På same måten er det med mikroskopet. Det syner oss ei verd av celler og mikroorganismar me ikkje kan sansa av oss sjølve.

Gud har gjeve oss eit instrument som me kan studera Han gjennom: Bibelen. Denne boka opnar for oss ei verd som me ikkje kan sjå inn i via andre kanalar. Her møter me den eine sanne Gud som skapte alt og alle, som elskar oss lidenskapleg og som vil vera ein Far for oss. Her møter me Jesus Kristus, Guds Son, han som forsonte verda med Gud ved å døy på ein kross, og som etter 3 dagar i grava triumferte over døden ved å stå opp att, og Den Heilage Ande som formidlar Guds kraft og liv til alle som vil tru på Jesus og hans verk.

Studer Bibelen med eit ærleg sinn, be Gud om hjelp til å sjå, og du vil finna både Han, og deg sjølv i Han. Lukke til.

Ingen kommentarer: