mandag 5. juli 2010

Det usynlege

Me er blitt lært opp til å tenkja at det som eksisterer er det me kan registrera med dei 5 sansane våre. Det usanselege og umålelege blir fort rekna som ikkje-eksisterande.

Slik tenkte folk også då den austerikske legen Ignaz Semmelweiss i 1847 for første gong antyda at infeksjonar hadde sin grunn i "usynleg smittestoff", og at ein kunne førebyggja smitte ved å vaska hendene. Kollegane berre lo av han. Dei ville ikkje høyra snakk om noko "usynleg smittestoff". Det var, som me veit, ein fatal feil. I dag er kunnskapen om bakteriar og virus allemannseige, takka vere innsatsen til kjemikaren og mikrobiologen Louis Pasteur som var ein av dei som trudde på Semmelweiss.

Sanninga er at dei aller fleste levande vesen her i verda er usynlege for oss. Dei alle fleste lukter kan me ikkje lukta. Dei aller fleste lydar kan me ikkje høyra. Og rundt oss på alle kantar er det eit vell av elektromagnetiske bølgjer som me ikkje merkar noko til, radiobølgjer, TV-signal, mobiltelefonsignal og mykje meir.

Vårt sanseapparat er ikkje konstruert for alt som finst, og når me skal vurdera eksistensen av noko, kan me ikkje bruka det som utgangspunkt. Då blir konklusjonen fort feil.

Når folk då seier at dei ikkje kan tru på noko anna enn det dei kan sjå og ta på, er det ein stor dårskap. For verkelegheiten er som me forstår mykje mykje større enn sansane våre.

Å tru på ein usynleg Gud er difor korkje komisk eller ulogisk. I alle fall kan ingen avvisa han ut frå at han ikkje er synleg. I staden for å tvila på Gud, må me altså tvila på vår eigen kapasitet til å sansa og kjenna han.

Men den usynlege Gud gjer seg sjølv kjend for den som søkjer han med eit ærleg sinn. Det har historia vist så mange gongar. Også den som skriv desse linjene har opplevd det. For Gud er ein Gud som openberrar seg for dei som kallar på han og ber om å få sjå. Lukke til med det.

Ingen kommentarer: