tirsdag 13. juli 2010

Vend om!

Ingenting er så vanskeleg for oss menneske som å innrømma at me tek feil. Sjølv i små saker kan det vera vanskeleg å endra oppfatning. Me står ofte på vårt til alle argument er oppbrukt, og når det har skjedd, hevar me stemmene våre for å prøva å halda stand på den måten.

Jesus sa til folket at dei måtte venda om og endra livskursen totalt, og han gav dei ein gylden sjanse til det. Han sa: "Himmelriket er nær!"

Tenk deg eit menneske som er teken av ei elv i flaum. Det driv hjelpelaust av garde ned mot foss og stryk, mot døden. Det har ikkje krefter til å snu eller koma seg til land. Det er fortapt og treng berging, treng å gripa tak i ei livlinje, ein redningsmann eller ein livbøye.

Slik er det med oss menneske. Me er fanga inn av ein flaum av krefter i oss og rundt oss som driv oss bort frå Gud og i den evige død. Men "himmelriket er nær". Jesus er nær, og han er vår redningsmann. For å bli frelst må me overgje oss til han. Me kan ikkje frelsa oss sjølve, men me kan snu oss til Jesus og gje oss han i vald. Å venda om, er å overgje seg til Jesus og stola på han.
Det må du gjera medan det er tid for det.

Ingen kommentarer: