lørdag 7. januar 2012

"Ver ikkje redde!"

Frykten kom inn i verda med synda. Falne og syndige menneske er redde. Dei som seier at dei aldri er redde, snakkar ikkje sant.

Rett nok er nokre menneske reddare enn andre. Det har med nervesystemet å gjera. Men alle er redd for noko. 

Først og fremst er menneska er redd for Gud. Difor held dei fleste seg unna han. Ateisme er ikkje noko anna enn ein måte å handtera denne frykten på. Ein seier til seg sjølv: Det som ikkje eksisterer treng me jo ikkje å vera redde for. Det er strutsepolitikk.

Det finst to typar gudsfrykt: den som får menneska til å søka Gud, og den som får menneska til å halda seg borte frå han. Den første typen er eigentleg ikkje frykt for Gud, men frykt for kva som kan skje når me held oss borte frå han. For me er skapte av, for og til Gud, og me er berre trygge hos han. Hos han er me heime.

Difor les me så ofte i Bibelen at Gud seier til sine: "Ver ikkje redde, for eg er med dykk." Når me er hos Gud, treng me ikkje vera redde. Me er det ofte likevel, for me gløymer kor stor og god han er. Men me treng ikkje vera redde. Jesus seier til læresveinane sine: "Ver ikkje redde, tru på Gud og tru på meg."

Så handlar det om å tru. Det er ikkje så lett for oss å tru det me ikkje ser. Difor må me vera i Guds ord. Ordet viser oss Gud. Når me les evangelia, ser me Jesus med hjarto våre, og det blir enklare å tru, også når han seier: "Ver ikkje redde." Då det bles opp til storm på Genesaretsjøen vart læresveinane veldig redde. Men Jesus sa: "Kvifor er det så redde, de lite truande." Lite tru tyder mykje frykt.

Folk som er redde blir veldig introverte, og dei tenkjer ikkje klårt. Gud vil at me skal vera ekstroverte og tenkja klårt. Difor seier Jesus til oss: "Fred etterlet eg dykk. Min fred gjev eg dykk, ikkje den fred som verda gjev. Lat ikkje hjarto dykkar uroast."

Jesus Kristus er fantastisk. Han kjem til oss med fred. Og det treng me så sårt.

framhald

Ingen kommentarer: