søndag 29. januar 2012

"Følg meg!" del 2

Då Jesus kalla disiplane sine, var det både for å gje dei fellesskap, og for å byggja inn i dei kvalitetar som skulle gjera dei til kompetente menneskefiskarar og kyrkjeleiarar.

Jesus hadde tre år på seg. På den tida skulle han forkynna evangeliet for dei fortapte i Israel, utdanna 12 menn for å vidareføra livsgjerninga si og forløysa verda frå synda, døden og djevelens makt.

Mesteparten av tida brukte han på dei 12. Dei var med han dag og natt, lytta til undervisninga hans, såg korleis han gjorde ting og fekk sjølve gjera dei same tinga under hans oppsyn og omsorg. Det må ha vore rasande interessant.

Disippelskap var Jesu arbeidsmetode, og bør vera vår. I den hebraiske undervisningsmetoden gjekk teori og praksis hand i hand. Kvar elev hadde sin meister som dei skulle læra av og kopiera. Først når dei kunne handverket skikkeleg, kunne dei arbeida kreativt.

Disippelskap var ein uhyre effektiv metode. Av dei som Jesus kalla, var det berre ein som gjekk fortapt. Alle andre vart bevarte og istandsett til å leva etter Jesu mønster og til å læra opp nye truande som i si tur var dugande til å læra andre. Disippelskap var hovudarbeidsmetoden i Urkyrkja. Ingen tvil om det. 

Alle som har vore kristne ei tid bør kunna fungera som mentorar for nye kristne. Dei må læra seg å vitna for andre, lækja sjuke, driva ut vonde ånder, gje, be, lovsynga osv. Det gjer dei ikkje av seg sjølv. Dei treng ein mentor.

Me må tilbake til dette mønsteret. Det er enkelt og effektfullt. All nyare forskning syner at jo nærare me kjem denne arbeidsmåten, jo større suksess vil me ha. Det er lite truleg at Jesus valde arbeidsmåte tilfeldig. Han valde det beste som var.

Kvifor har me kome bort frå dette? Fordi me i Vesten er influert av opplysningstida og den greske filosofi som skil klårt mellom teoretisk og praktisk kunnskap. Det har vore ein blindveg for Guds kyrkje som me må bort frå. Oppdraget vårt handlar om å disippelgjera nasjonane, og då handlar det ikkje berre om å frelsa dei, men å læra dei å leva i Guds kraft og ord.

Ingen kommentarer: