søndag 8. januar 2012

Jesu eksklusivitet og vår fridom.

Jesus er problematisk. Han vil ikkje inn i liva våre utan at me sender alle andre gudar og ideologiar ut. Han er som ein brudgom som vil ha brura for seg sjølv. Det handlar om kjærleik og lidenskap. Dei nyreligiøse kombinerer gjerne kva det skal vera av trusretningar. Dei er opptekne av kva som fungerer, og plukkar med seg litt herifrå og litt derifrå. Også frå kristendomen. Me kallar det for synkretisme, religionsblanding. Avguderiet er omfattande hos dei nyreligiøse, og hos mange andre. Men her gjeld ikkje vanlege matematiske reglar. Me kan ikkje dra "det beste" ut av religionane og summera opp dei positive effektane. Alt som ikkje har røtene sine i Bibelen må ut av liva våre dersom me skal bli frelst. Det er tungt, men den einaste vegen. Kvifor? Fordi alle andre gudar og ideologiar er ein del av problemet. Dei har sitt opphav i djevelen, og gjennom dei knyter han folk til seg sjølv og sin framtidige vanlagnad. 

Djevelen er eit religiøst geni. Han higar etter å bli tilbedd, og formar ideologiar og religiøse tankesystem som verkar tiltrekkjande på det falne og syndige menneske. Nokre gongar spelar han på mystikk og overnaturlege ting, andre gongar på maskulin styrke eller på seksualitet. Han spelar på mange strenger.

Den som vil bli frelst og leva som ein kristen må seia farvel til alt slikt, og sleppa Jesus inn i livet som åleineherre. Det kan me gjera fordi han elskar oss og har fridd oss frå våre synder med sitt eige blod. Hadde han ikkje det gjort, kunne ingen av oss blitt frelst og fått ein ny syndfri karakter. Men som frigjorte menneske er det ikkje vanskeleg for oss å elska Gud og nesten. Det kjem av seg sjølv. Guds heilage Ande gjer dette i oss. Det er eit mirakel. For den som har opplevd denne dåpen i Ande og kraft, får det meining å leva sjølvoppofrande. Jesus krev av oss at me lever som han, og han ofra seg jo for oss alle, og me er hans etterfølgjarar. Saka er: Den som ikkje fornektar seg sjølv og tek opp krossen sin opp, er ingen kristen i det heile tatt. Sjølvrealisering er eit moderne syndig fenomen.

Jesus er eksklusiv. Trua på han er det einaste som kan fri oss frå synda, døden og djevelen. Skal  me tena han og leva ut dei radikale prinsippa som han forkynner, må me nemleg vera frie menneske, og den fridomen får me som ei gåve når me overgjev oss sjølve med alt me er og har til han. Det er den einaste farbare vegen til himmelen og til eit sigrande liv på jorda.

Ingen kommentarer: