onsdag 29. juli 2020

Olsoksdagen

I dag er det Olsok, og 990 år sidan slaget på Stiklestad, eit slag som enda med tap og død for kong Olav Haraldson, men med siger for den kristne trua i Noreg. Me har god grunn til å markera denne dagen, og kanskje tillike feira han. Før i tida feira folk Olsok (Olavsvake) og brende bål som på St. Hans. Men no veit folk knapt kva Olsok er. Berre Stiklestadspelet og Olavsdagane i Trondheim held denne viktige delen av soga vår levande. 

Noreg si historie som stat fell forresten nøye saman med kristendomen si historie i landet. Det kan ikkje vera feil å seia at det var den kristne trua samla oss som nasjon, og som var sjølve krafta og limet i nasjonsbygginga. Me må ikkje gløyma at det var kong Olav som innførte Kristenretten i Noreg, dei første lovene som bygde på kristen tru, sed og skikk. Det skjedde i 1024 på Moster. Me som bur i Sunnhordland har sanneleg noko å vera stolte av der. 

Og Gud har tent oss godt alle desse åra, og nasjonen har vakse seg sterk. Likevel er har trua blitt sveikka. Kvifor snu ryggen til Gud no?

Dette er ein dag til omtanke. Kva vil skje med nasjonen no når færre og færre nordmenn trur på Jesus, og lovene hans ikkje lenger er styrande for landet vårt? Kan Noreg i lengda overleva noko slikt?

Kva skjedde på Stiklestad? Olavs hær av leigesoldatar og "lause fuglar" tørna saman med ein veldig bondehær leia av hovdingen på garden Egg i Trøndelag, Kalv Arneson. Dei som stod Kalv nærast  var Tore Hund frå Trondenes og Hårek frå Tjøtta. Alle desse tre hadde noko uteståande med kong Olav som dei ville hemna, og dei sikta seg inn på kongen i kampen og bidrog til hans fall.

Bak bondehæren stod kong Knut den mektige. Han var konge både over Danmark og England. Han meinte at Noreg var arvelandet hans, og hadde difor alliert seg med storbøndene som stod Olav i mot. Det var han som hadde væpna dei og skodd dei til kamp, og det gjekk som det måtte gå:  Olav vart drepen.

Olavs død såg ut som eit fatalt nederlag, men denne hendinga kom til å gjera det slik at kristendomen kom til å vinna ein stor siger i landet vårt, og Olav vart Noregs evige konge. Korleis kunne det gå til?

Jo nærare Olav kom sin siste dag, jo djupare vart trua og den kristne forståinga hans. Det å truga folk til å tru på Jesus slutta han heilt med, og i staden samtalte han med folk og satsa på overtyding i staden for tvang. Arnljot Gjelline, ein ovstor mann som hadde slutta seg til Olavs hær, trudde i utgangspunktet på andre enn seg sjølv. Men Olav gjorde eit slikt inntrykk på han at han sa: "No vil eg tru på deg, konge!" Kongen svara då: "Skal du tru på meg, må du tru på Jesus Kristus, den allmektige skaparen, han som eg trur på." Det syntest Arnljot var rimeleg, og så vart han døypt.

Det skjedde mange mirakler rundt kong Olav, både etter at han var død, men også medan han levde. Mellom anna er det fleire vitnemål om personar som vart lækte då han bad for dei.

Ein gong, etter at Olav hadde funne det lurast å flykta til Russland, vart han t.d. utfordra til å be for ein gut som hadde ein halssvulst som truga med å ta livet av han. Guten fekk ikkje mat i seg. I Snorre si store Olavforteljing les me at Olav saumfar svulsten med handa si. Så la han nokre brødsmular i ein kross og bad guten om å ta dei inn i munnen og prøva å svelgja. Guten gjorde som kongen sa, og i same stunda skrumpa svulsten inn og vart borte.

Etter at kongen var død, vart liket hans plassert i eit uthus på ein gard. Ein blind likrøvar fann kongen der, og då han dreiv på med sitt, fekk han kongen sitt blod på nevane, og då han måtte gni seg i augo, fekk han synet sitt attende. 

Dei kloke i vår tid stemplar dette som ei legende. Og det kan det vera, men det kan også vera sant. Me som trur på Jesus og hans nådegåver, har ingen problemer med slike forteljingar. Olav var på denne tida ein mann som søkte Gud med stort alvor. Han gjekk kvar dag til messe, og bad ofte, og sjølv  om kongen hadde store lyter, stilte han seg til Guds disposisjon, og Gud brukte han. 


Etter ei tid på flukt frå kong Knut og jarlane hans, kom kong Olav attende til Noreg for å ta makta attende. Då han nærma seg Stiklestad der slaget kom til å stå, fekk han eit syn. Han såg alle plassar i Noreg der han hadde vore tidlegare. Så utvida synet seg til dei plassane utanfor Noreg han hadde vore før han til slutt fekk også fekk sjå alle dei plassane i verda der han ikkje hadde vore. 

Kongen undra seg over dette synet. Kva kunne det bety? Han visste ikkje. Men i lys av historia finn eg grunn til å tru at Olav på tampen av livet sitt fekk sjå inn i Guds planar for Noreg. Dette landet skulle bringa Kristus og hans evangelium til nasjonane. I mange år var Noreg det landet i verda som i høve til folketalet sende flest misjonærar til framande land og kulturar, og sjølv om dette ikkje er slik lenger no, er det enno mange nordmenn og kvinner som reiser for å tenna Guds lys der heidenskapet sitt mørker enno kviler tungt over folkeslaga. 

Om Olav er død, så lever Jesus, og me som trur på han i dag, gjer det fordi dette landet ein gong vart kristna av ein konge som trass i mange feil og misoppfatningar, elska Jesus og prøvde å følgja han så godt han kunne. 

Me må hugsa på at kyrkja i verda aldri har vore så langt nede åndeleg og moralsk som rundt det første tusenårsskifte. Forfallet i kyrkja var enormt, og svik, mord og hor høyrde til dagens orden blant pavar og prelatar, og elles også. Dersom Middelalderen nokon gong var mørk, så var det då. 

I denne mørke tida er det så at Gud løftar opp ein mann og tenner eit lys i eit lite land langt mot nord, eit lys som nordmenn seinare har bore med seg ut til verda. I dag opplever me at lyset frå Kristus kjem attende til oss. Talet på utlendingar som driv misjon i Noreg er aukande, og det skal me vera glade for. Gud har ikkje gløymt Noreg. 




Ingen kommentarer: