tirsdag 14. juli 2020

Kristen einskap og misjon

I Filipparbrevet 1,27 les me noko interessant: "Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet."

Dette verset må me forstå slik: Me som kristne lever eit liv som er Kristi evangelium verdig er når me står saman i èi ånd og kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet.

Skal me ta dette ordet på alvor, og det må me jo gjera, må alle kristne på innafor eit naturleg geografisk område, t.d. ein by (som Filippi), i èi ånd, nemleg i Kristi Ande, og med eitt sinn, dvs. Kristi sinn, koma saman for i fellesskap å evangelisera byen eller kommunen sin. 

Dette er ein kamp, skriv apostelen. Det er ein kamp å etablera og halda ved like ein slik einskap rett og slett fordi einskap er naturstridig for oss. Vår syndige natur dreg oss i retning av fraksjonering, sjølvgodhet og gruppestolthet. Og så er det ein kamp fordi evangelisering og misjon handlar om å utfordra mørkets fyrste, og han har ikkje til hensikt å gje frå seg nokon som helst som han har i fangenskap utan kamp. 

Men når me står saman, er me så mykje sterkare enn når me balar på kvar med vårt. Einskapen er Guds veg. Fraksjonering er djevelens veg, og hans veg sveikkar oss kraftig, og det er også hensikten. 

Einskap betyr ikkje naudsynleg at alle kristne tilhøyrer same kyrkjesamfunnet, men det er ei erkjenning av at alle tilhøyrer den same kyrkja og står i den same kampen. Det må koma synleg til uttrykk på eit vis om det skal ha noko meining, og det å gå saman om å evangelisera menneska i lokalsamfunnet, er det mest nærliggjande uttrykket einskapen kan få, ikkje minst fordi Bibelen syner oss denne vegen. Og lever me i samsvar med det, blir me sterke fordi me då går med Gud, og han er sterk. 





Ingen kommentarer: