tirsdag 7. juli 2020

Nullvisjon for sjølvmord

Regjeringa har lansert ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg. Det er ein god visjon. I 2018 var det i følgje Nasjonalt senter for selvmordsforskning og - forebygging (NSSF), 674 menneske som valde å avslutta liva sine på denne måten, 472 menn og 202 kvinner, det høgaste talet sidan perioden 1988-1991.

Kvifor skjer dette? Dei grunnane som vert anførte som viktigast er: Psykisk liding, somatisk sjukdom, sosioøkonomiske vanskar, tung rusproblematikk,  traumatiske hendingar som valdtekter eller store tapsopplevingar.

Det seier seg sjølv at berre å redusera talet på sjølvmord er ei enorm utfordring, men det er bra at dette no får fokus retta mot seg. Mangt kan heilt sikkert gjerast både for den enkelte av oss, i familiane våre, i nærmiljøet der me bur, på jobben og i storsamfunnet. Samfunnet vårt er blitt kaldare, blir det sagt, og det kan vera noko i det. Men uansett kan me alltid gjera mykje for å få opp varmen nokre hakk. Det å syna kvarandre omtanke og omsorg i kvardagen er ein verdi som knapt kan overvurderast i denne samanhengen.

Men også det å våga å snakka om tinga. Ein gong for mange år sidan hadde eg ein elev som sa at eg hadde berga livet hans ved å våga å snakka om sjølvmord i klasserommet.

Det hender me menneske påfører kvarandre så tunge belastningar at det ikkje blir til å leva med.
Skal regjeringa nå visjonen sin må dei våga å snakka om slike ting. Det er tungt når ekteskap går i oppløysing og heimar vert splitta. Eitt av tiltaka mot sjølvmord må vera å oppmuntra og hjelpa ektepar å halda saman i tider då buttar skikkeleg imot. Det trur eg vil førebyggja.

Det er ein faktor som eg ikkje har funne sikre data om, og det er kor mange flyktningar som tek livet sitt i Noreg. I 2017 var problemet syntest problemet vera så pass stort at NSSF gjekk saman med forskarar frå det Karolinska instituttet i Sverige for å finna meir ut om korleis dette ser ut i Noreg og Sverige. I alle fall er sjølvmord i denne gruppa eit stort problem, og alle risikofaktorane som er nemnde tidlegare i artikkelen er overrepresenterte i denne gruppa.

Resultatet av denne forskninga føreligg enno ikkje så langt eg kan sjå, men for den norske Regjeringa si side er det to tiltak som kan setjast inn alt no som føre-var tiltak. For det første må alle som kjem til Noreg få norskopplæring frå dag èin. Det styrker integreringa og gjer alt mykje enklare både for flyktningane og samfunnet den dagen dei eventuelt får opphald. Å la folk sitja på mottak i årevis utan norksopplæring er umenneskeleg og dumt. Det å læra flyktingar språket vårt heilt sikkert sjølvmordsførebyggjande fordi det aukar integgreingsfarten.

Det andre som må skje er at asylpolitikken må mjukast betydeleg opp. Den norske strengheten er brutal. Jo færre som får avslag, jo mindre sjanse er det forat me påfører enkeltmenneske bører og traumer som er så store at dei vel å ta liva sine fordi dei har fått framtida si knust.

Og her er det dei som har lansert nullvisjonen som sit med heile løysinga. Det er grunn til å ønskja Regjeringa lukke til med arbeidet.





Ingen kommentarer: