søndag 12. juli 2020

Til mann og kvinne skapte han dei

Me som trur på Bibelens Gud, følgjer Bibelens ord, og det står i Bibelens første kapittel at då Gud skapte menneske, skapte  han dei til mann og kvinne.  Og han velsigna dei og sa: "ver fruktbare, og bli mange." Gud skapte altså to kjønn som er nøye tilpassa kvarandre med tanke på reproduksjon og formeiring. Det å få og fostra barn er frå Guds side seksualiteten sin primære hensikt. Difor skal sex kun føregå mellom ei kvinne og ein mann som har gjeve seg til kvarandre med tanke på å grunnleggja og byggja ein heim saman. 

I Bibelens andre kapittel står det: "Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt kjøt." Eitt kjøt handlar om å leva seksuelt saman. Det er ei sak for ein mann og ei kvinne som byggjer ein ny heim i lag lausrive frå barndomsheimane. 

Denne kjønnspolariteten i Bibelen har også ei åndeleg side, den gjenspeglar Guds vesen. Menneske er som mann og kvinne skapte i Guds bilete, i hans likning, og mannen reflekterer krafta og autoriteten i Gud, det maskuline, kvinna det milde, vakre og miskunnsame, det feminine. Mannen byggjer eit hus. Kvinna skaper ein heim. Mannen er far. Kvinna er mor. Slik var dette tenkt frå Skaparen si side.

Lenge var ekteskapet ein heilag institusjon mellom èin mann og èi kvinne, og kjernefamilien var samfunnet sin grunncelle. Dette har stått så sterkt i den vesterlandske kultur at det vart nedfelt i FN si menneskerettsfråsegn artikkel 16 der det blir slått fast at alle vaksne menn og kvinner har rett til å gifta seg (underforstått med kvarandre) og stifta familiar, og at familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet som har krav på staten og samfunnet sitt vern. 

Når det i vår tid vert framsett som ein menneskerett for likekjønna å gifta seg med kvarandre, har dette ingen støtte i Menneskerettsfråsegna. Det er ein oppdikta menneskerett. 

Likekjønna sex er synd. Synd er eit omgrep som betyr "å bomma på eit mål". Likekjønna sex kan aldri føra til reproduksjon, og difor bommar dei som praktiserer dette på Guds primære mål med seksualiteten. Gud har av den grunn lagt ned forbod mot dette. 

Kva då med dei som kjenner tiltrekning mot ein person av sitt eige kjønn? Han/ho må be og søkja styrke hos Gud for å kunna å leva rett og reint etter hans bod, og den styrken vil Gud gje. 

Men ein homofil er ikkje åleine om å måtta be slik. Alle må me be Gud om styrke til å leva rett, for dei syndige lystene våre er alltid i strid med Guds bod og vilje anten det er på det økonomiske, sosiale eller seksuelle området. Egoismen forfører oss, og me vert lett freista til å snakka stygt om folk, berika oss gjennom bedrageri eller simpelt tjuveri, utøva vald eller ha sex med eit menneske som ikkje tilhøyrer oss. Alle må me be Gud om hjelp og styrke til å velja det rette og gode og vraka det vonde, og Gud hjelper den som ber. 

 
           




Ingen kommentarer: