Innvandringa til Noreg er no i praksis innskrenka til 3000 kvoteflyktningar i året. Regjeringa seier at det er mange. Men sett i høve til behovet er det forsvinnande få. Men nok om det. No har i alle fall Regjeringa bestemt at innafor dei 3000, skal LHBTQ+ personar ha prioritet framfor andre. Grunnen er at desse personane er i ein sårbar situasjon.
Det er grunn til å vera glad for at Regjeringa bryr seg om sårbare menneske på flukt. Men eg trur nok at barn og unge i den overfylte Morialeiren i Hellas er meir sårbare enn vaksne innafor LHBTQ+-gruppa. Barn og unge bør prioriterast, og Noreg må handla raskt for med tanke på den humanitære katastrofen som trugar desse i Morialeiren. Så mange av dei kan bli frårøva heile barndomen sin, og det må for all del ikkje skje.
Ei anna svak gruppe blant flyktningane er dei kristne som sit i leirar der muslimar er i fleirtal. Dei kristne blir i stor grad utsette for ekskludering og diskriminering, ja ikkje sjeldan regelrett forfølging, og når det kjem naudhjelp fram til leirane, stiller dei kristne bakerst i køen. Det er realiteten på bakken.
Personar som har konvertert til kristendomen frå islam blir sjeldan trudd av norske styresmakter. Dei vert skulda for å lyga om trua si. No må Regjeringa ha bestemt at folk som gjev opp at dei er lesbiske, homoseksuelle, biseksuelle, transseksuelle osv. skal bli trudd på sitt ord, for korleis har ein tenkt å sjekka om det er sant det dei seier? Og då er spørsmålet: Kvifor skal dei bli trudd og ikkje dei kristne? Det synest diskriminerande på meg i alle fall. Eller kanskje me no går inn i ei tid då det også blir lettare for dei kristne å bli trudd? Det kunne vera til å håpa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar