onsdag 15. juli 2020

Fødd i feil kropp?

Nokre meinar dei er fødde i feil kropp. Ein mann seier han føler seg som ei kvinne og vise versa. Er det mogeleg?
Nei, det er ikkje mogeleg.
For det første: Ingen mann veit korleis ei kvinne føler korleis det er å vera kvinne. Så når han seier at han føler seg som ei kvinne, veit han ikkje kva han snakkar om. Han kan ikkje vita det, for han har aldri vore ei kvinne, og kjem aldri til å bli det. Han kan nok oppføra seg som ei kvinne meir eller mindre, men det er noko heilt anna.
På same måten er det med ei kvinne som seier ho føler seg som ein mann. Saka er: mannen si sjølvoppleving vil alltid vera utilgjengeleg for henne.

For det andre. Ingen kan vera fødd i feil kropp fordi kroppane våre er oss.
Ingen menneske, bortsett frå Jesus Kristus, har eksistert før det fekk kroppen sin.
Ingen eksisterer uavhengig av kroppen. Kroppen er ikkje noko som vår evige sjel har flytta inn i eller noko slikt. Kroppen min er rett og slett meg, og min personlegdom eksisterte ikkje før eg var unnfanga i mors liv, for min del som ein liten gut.

Tanken om å vera fødd i feil kropp minnar mest om hinduisme. Hinduane trur på sjelevandring, at sjela er evig og flyttar seg frå kropp til kropp. Difor er eg vel helst tilbøyeleg til å tru at det er her desse nye førestellingane om å vera fødd i feil kropp stammar frå.

Ingen kommentarer: