tirsdag 15. november 2022

Menneskerettsfråsegna artikkel 11 del 1

 "Ein kvar som er anklaga for ei straffbar handling har rett til å bli sett  på som uskuldig til det er bevist ved offentleg domstolshandsaming, kor han har hatt alle dei garantiar som er naudsynt for hans forsvar, at han er skuldig etter loven".

Blir du tiltalt for noko, har du rett på ein kompetent forsvarar, og du er skuldlaus inntil det er lagt fram prov mot deg som ikkje kan tilbakevisast. 

Dette er ein høgaktuell artikkel i Noreg i vår tid då det dei siste åra er blitt avdekka grove justismord i alvorlege straffesaker. Mange er redd me berre ser toppen av eit isfjell. 

Det skal bli meir enn spennande nok å følgja utviklinga i Birgitte Tengs saka. Birgitte vart valdteken og drepen på ein bestialsk måte 6.mai 1995. No står ein 52 år gamal mann tiltalt for drapet, og kronbeviset er DNA frå mannen som er funne på Birgitte si strømpebukse. Spørsmålet blir om DNA-funnet er godt nok, og om han blir dømt, om me då om nokre år står med ei ny justismordsak. 

I alle fall bør norske domstolar etter mange alvorlege fadesar stille høge krav til prov i drapssaker. 

fredag 11. november 2022

Går det an å snakka om moralsk og umoralsk homoseksualitet?

 Pastor i Filadelfiakyrkan i Stockholm, Niklas Piensoho, har halde bibelstudium om homofili. Han konkluderer med at den homoseksuelle praksisen som Bibelen talar imot er den umoralske versjonen. Det er avisa Dagen som omtalar denne saka i  dag. Piensoho meiner at det  eksisterer ein annan homoseksualitet som Bibelen ikkje omtalar, ein moralsk rein versjon. Og denne må kyrkja opna for. Homofile som lever i trufaste parforhold må få vera både medlemmer og leiarar i kyrkja, meiner Piensoho. 

Problemet med dette er at me ikkje kan laga teologi ut av noko som Bibelen ikkje seier noko om, berre om det som han faktisk seier noko om. Og alle plassar der Bibelen omtalar homoseksualitet, er det med tommelen ned. Desse handlingane er ikkje akseptable i Herrens augo, og dei som lever slik, skal ikkje arva Guds rike. Så enkelt. Så utfordrande. 

tirsdag 26. juli 2022

Olsok, Noreg og kristendomen

 

Den 29.juli feirar me Olsok, eller Olavsvaka som er det fulle namnet på denne dagen.

Dette er heilag Olav sin dødsdag. Hans fall på Stiklestad markerer at nordmennene for alvor gjekk over frå å vera heidningar til å bli kristne, og Olav vart krona til Noregs evige konge.

Samlinga av Noreg fall saman med kristninga av landet. Den kristne trua var samnemnaren i samlingsverket, og den første norske landslova som vart vedteken på Moster i 1024 fekk tilnamet «Kristenretten» . All lovgjeving i hunderåra etterpå var prega av dette grunnarbeidet til kong Olav og biskop Grimkjell. I 2024 er det tusen år sidan denne storhendinga, og det skal som ventast feirast frå høgaste hald.

No kan ein seia at kristninga av Noreg hadde klåre manglar ut frå det som me kan lesa om misjon i Det nye testamentet. Både Olav Tryggvason og heilag Olav nytta tvang i «misjonsarbeidet» sitt, og historikarane har dei siste tiåra nærast kappa om å fortelja oss kor vanheilage dei var, og i særleg grad Olav Haraldsson.  Men me må hugsa på at kristninga av Noreg skjedde mot alle odds. I denne tida var kyrkja i Europa var på eit absolutt lågmal i moralsk kvalitet, og alt som fanst (og framleis finst) av laster i menneskelivet var rikeleg representert i det kyrkjelege maktapparatet, og sann kristen tru var ei sjeldan vare. Og då er det ikkje mindre enn eit mirakel at to sterke heidenske menn midt oppi dette opplever ei kristen omvending som er så sterk at dei meiner at det vil vera tenleg for nordmennene å tru på det som dei trudde på, og for å få det til, måtte dei bli kongar for det var no ein gong slik i den tida at folket måtte tru som kongen.

Då eg gjekk på folkeskulen ein gong i farne tider, var kristninga av Noreg pensum. Eg hugsar me hadde den milde Reinert Agdestein i det som då heitte «soga». Han var skulestyrar i ein mannsalder på Leirvik skule, og ein forteljar av Guds nåde. Det var ikkje mykje vesen med han der han sat på ein stol bak kateteret og fortalde. Men han trong ingen effektar for å trollbinda elevane sine. Time etter time var me alle i gamle Noreg og såg Olav Tryggvason gå på årane og kasta spyd like godt med venstrearmen som med den høgre. Me var med under slaget ved Svolder, og kjende fortvilinga og sorga i sjela då Olav fall og drukna. Me høyrde han ropa ut då bogen til Einar Tambarskjelvar brotna: «Kva var det som brast?» Og Einar sitt svar sit fast som spikar i minnet: «Noreg ut av hendene dine, konge!»

Men sterkast var forteljinga om kristninga av Gudbrandsdalen, dalen som er oppkalla etter den store hovdingen Gudbrand, han som lenge stod Olav i mot.  Tvekampen mellom Tor og Kvitekrist på tunet utanfor Torshovet på garden til Gudbrand er fornøyeleg å høyra om. Gudbrands menn drog det store Torsbilete ut på tunet for å demonstrera gudemakta hans. Men det enda med nederlag. Då sola steig opp over åskammen i aust, slo Kolbein sterke til gudebiletet med klubba si, og Tor fall i bakken med eit brak, gjekk i knas og ut kom all slags kryp som hadde næra seg av maten gardsfolket kvar dag hadde stappa i guden sin.  Slik vann Kvitekrist over Tor i Gudbrandsdalen, og folket vart døypte.

Snorre sine kongesoger (òg kalla Heimskringla) er ein unik litterær arv og forteljarkunst av beste merke.  Men det er lite att av denne arven i norsk skule, og det er etter mi meining eit stort tap, kanskje særleg for gutane.

Heimskringla dekker den viktige brytningstida i Noregssoga då heidenskapet vart brote, og den kristne trua gradvis overtok folk sin måte å tenkja og leva på. Trass i ei uheldig samanblanding av kristendom og kongsmakt, var det over og ut med Odin, Tor, Frøy og Frigg, og fram til reformasjonen i 1536 gjekk heilag Olav og den oppstadne og allmektige Kristus meir og meir opp i ein slags syntese i folks sinn og tanke, og bønene deira gjekk like lett til den eine som den andre. Etter reformasjonen vart tyngdepunktet gradvis ført over på Kristus, utan at heilag Olav vart gløymd. Han var framleis sentral i måten nordmenn forstod seg sjølv.

Men så har me dei siste hundre åra sett at det kristne fundamentet for samfunnet smuldrar bort under oss, og det er lite i dag som fortel oss at nasjonen ein gong sprang ut frå kristen tru og lære. Me er blitt eitt av verdas mest sekulariserte land, og den kristne trua har stadig mindre å seia for stadig fleire menneske.

Lite visste me som lytta til Agdestein sin forteljarkunst på 1960-talet at det samstundes føregjekk ein skånselslaus kamp i det politiske og kulturelle miljøet i hovudstaden med tanke på å redusera kristendomen si kraft i samfunnet. Gradvis har kristendomsfaget fått færre veketimar, og er i dag meir eit religionsfag. Det fører etter mi røynsle til betydeleg religionsblanding hos norske ungdommar. Kvart skuleår skal dei læra om alle dei frem verdsreligionane, og det er ikkje til undrast på om det blir vanskeleg for dei å skilje dei ulike frå kvarandre. 

Olsokfeiringa vart til for å stadfesta Noreg som eit kristent land. Men det er ikkje det lenger. Noreg må rekristnast, og det er eit spennande prosjekt som det er verd å engasjera seg i for alle som enno trur på Kvitekrist og hans ord.

mandag 20. juni 2022

Menneskerettsfråsegna artikkel 10

 Kvar og ein har, under full likestilling, krav på å få saka si rettferdig og offentleg handsama av ein uavhengig og upartisk domstol når rettane og pliktene hans skal fastsetjast, og når eit klagemål med straffeansvar mot han skal avgjerast.

Dette er ein juridisk grunnpillar i alle demokratiske statar. Sviktar dette, er rettstryggleiken  borte for "mannen i gata". Anten du er fattig eller rik, ung eller gamal, kvinne eller mann, høg eller låg, same kva du trur på eller kor du kjem frå: alle handsamast likt av domstolane. Det skal vera likskap for lova. 

Menneskerettsfråsegna artikkel 9

 "Ingen må utsetjast for vilkårleg arrest, fengsling eller landsforvisning."

Dette er ein rett som vert broten i alle diktatoriske land. Me ser det i Russland, Tyrkia, Kina, Burma, Iran og mange andre land der folk i denne tida vert fengsla for å demonstrera  mot styresmaktene sin inkompetente politikk, eller for å vera aktive medlemmer i grupper som styresmaktene fryktar for eller rett og slett ikkje likar. 

lørdag 23. april 2022

Brev til kunnskapsminister Tonje Brenna

Dette brevet sende eg i morgontimane til kunnskapsminister Tonje Brenna:
Kjære kunnskapsminister Tonje Brenna!
Mitt namn er Jens Thoresen. Eg har vore lærar i det du kallar "fellesskulen" heile mitt vaksne liv. No er eg nyleg blitt pensjonist. Likevel har eg ikkje losna alle band til skuleverket. I fjor haust starta nemleg Stord kristne skule opp med 18 elevar, og eg har jobba ein del der som ringevikar. Det har vore ei glede for meg.
Som kunnskapsminister er du politikar, og du er bunden av eit politisk program, og programmet du er vald inn på har, etter det eg skjønar, ikkje mykje fint å seia om friskular, det du vel å kalla "privatskular". Du meiner, og du seier at desse skulane manglar mangfald, og at dei tek ressursar frå fellesskulen. Det er det du får sagt om desse skulane, og det gjer du utan å leggja fram dokumentasjon for påstandane dine. Og eg tenkjer: Du som kunnskapsminister er på eit vis øvste leiar for ALLE skular her i landet, og soleis har du eit stort ansvar for lærarane sitt arbeidsmiljø. På den bakgrunn forskrekkar du meg når du tillet deg å bruka din sterke posisjon til utelukkande å snakka ned eit skuleslag som gjennom mange år har stått seg godt i dette landet, og som har gjeve eit sterkt bidrag til å fostra barn og unge til det som i si tid vart kalla "gagns mennesker i heim og samfunn." Det MÅ då vera noko meir du som øvste leiar for alle skulane i Noreg kunne ha sagt om friskulane enn det du har sagt, noko som kunne gjera lærarane og elevane i desse skulane stolte, både av det arbeidet dei legg ned, og over å ha deg som øvste leiar, noko som kunne gje dei ei kjensle av å bli vurdert rettferdig, og ikkje berre høyra uttalar som kun eignar seg til å skapa uvisse i spørsmålet om ein faktisk har livsens rett. Her utøver du etter mi vurdering eit dårleg leiarskap, og eg ber deg om å tenkja gjennom dette når du snakkar om desse tinga, og det hadde vore fint om du ved eitt høve fann noko fint og oppløftande å seia om friskulane her i landet. Kanskje du kunne gått på besøk til ein skule av dette slaget som faktisk har fått noko til, ta med deg eit pressa og syna fram kva nokre under ditt leiarskap faktisk driv på med av gode ting i kvardagen.
Til slutt: Det hadde vore fint om du kunne dokumentert påstandane du legg fram som grunngjeving for kvifor du stramer skruen så kraftig i høve til friskulane som du no gjer. Når det gjeld ressursspørsmålet, skjønar eg naturlegvis at pengane følgjer elevane, men eg må minna om at det er Regjeringa som sit på pengesekken og kan auka den totale kapitalstraumen i skuleverket, og det er kommunane som bestemmer kor mykje pengar dei vil bruka på skulane sine uansett, og det veit du like godt som meg at her tenkjer kommuane svært ulikt. Nokon brukar langt meir per elev enn andre samaliknbare kommunar. Og så veit du også at kvar elev i ein friskule er billigare enn om han/ho skulle ha gått i ein av fellesskulane. Når du seier at friskulane "tek" pengar frå fellesskulen, får folk lett ei kjenske av parasittisme, og det du seier tener sterkt å mistenkjeleggjera dette høgst legitime skuleslaget. Det synest eg er ganske ille.
For friskulane er legitime, og dei eksisterer rett og slett fordi det er foreldrene sin demokratiske rett å kunna velja kva verdiar som skal liggja til grunn for barna si oppseding og opplæring. Dette er nedfelt i Menneskerettsfråsegna artikkel 26 underpunkt 3. Det er underleg at du som minister ikkje nemner foreldreretten med eitt ord når du uttalar deg om skule. Det bør du gjera. Barna er ikkje statens barn, men foreldrene sine. Det burde faktisk ikkje vera naudsynt å nemna det ein gong.
Ditt siste utspel i denne saka er noko obskurt når det gjeld livssynsskulane. Du fredar skular som byggjer på anna alternativ pedagogikk, sjølv om Steinerskulen også er ein livssynsskule, men det står ikkje krystallklårt for meg om t.d. kristne friskular fell utanfor eller innafor det gode selskap. Her krevst det ei avklaring. Kan du gje denne avklaringa?

søndag 17. april 2022

Han stod opp med guddomsvelde

 Kjære lesar!

Gratulera med dagen. Det er 1.påskedag, historias største sigersdag. Triumferande stod Jesus opp frå dei døde den tredje dagen etter sin død, og han lever midt i mellom oss. For alltid er alle våre synder fjerna frå Guds ansikt, borte vekk, og dei kan aldri kallast attende. Difor gå frimodig til din skapar og Far i Jesu namn, kast deg i hans favn. Det er ingenting der som kan fordømma deg, der er det pur guddommeleg kjærleik som vil omfavna deg for evig.