pastorbloggen
torsdag 29. januar 2026
lørdag 10. januar 2026
Tid for å søkja naudhamn
Verda er som eit opprørt hav. Folk reiser seg mot folk, og riker mot riker, og det er uro og krig mange stader, og folk er både redde og hjelpelause. Kva kan me gjera? Ingenting. Kreftene me har med å gjera er for sterke, og me er for små, for svake. Vondskapen er for stor. Dei mektige har gjort opprør mot Gud, dei har fjerna seg frå hans ord og vilje ved å hevda seg sjølv, bruka løgn og vald som maktmiddel, legalisera det Gud forbyr, og straffa den som påpeikar synd og som reiser seg og protesterer mot uretten, og når grunnvollen blir borte, kva kan då den rettferdige gjera, spør kong Salomo retorisk. Underforstått: Ingenting.
Og dei mektige som opponerer mot Gud, forstår ikkje det aller minste at dei har alliert seg med djevelen, Guds og vår mektige fiende, og han har tvang, kaos og død på programmet, og tvang, kaos og død får dei. Det er prisen dei må betala for å bryta med Kristus, han som har skapt himmel og jord, og som alltid handlar med oss i kjærleik, og som er vårt einaste effektive vern mot dei mørke kreftene.
Difor: Det er tid for menneska å søkja naudhamn. For midt i verdas opprørte hav, ligg det eit vakkert land, eit rike som ikkje kan rokkast med ein konge utan like: Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre. Dette er nådelandet. Her kan alle søkja asyl. Ja, me blir inviterte til det. Det einaste kravet som vert stilt for at du skal få koma inn er at du vender om og sannar syndene dine for Gud, og innrettar heile livet ditt etter hans lover. For her er det ikkje plass for egoisme, uærlegdom, hat, sinne, grådigheit, begjær, hor, utruskap, homoseksualitet, baktale, latskap, eigenrådigheit, sjølvdyrking, sjølvhevding eller noko slikt. Her er det Gud som rår, her er det hans lover som gjeld, og den som vil nyta godene i dette landet, må innretta seg etter hans vilje. Elles blir døra stengt.
Men enno er det plass i Guds hus for syndarar som vil venda om, og det er ingenting å venta med. For teikna på at me går mot denne sjuka verda si avslutning er så tydelege, og før du veit ordet av det, kjem Jesus Kristus att i herlegdom for å døma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Då håpar eg at du er i denne siste gruppa, denne gjengen med tilgjevne syndarar som skal arva både jorda og himmelen, og som har ei frydefull æve i vente i Fars hus.
lørdag 15. november 2025
onsdag 1. oktober 2025
Preses i Den norske kyrkja gjer bot på vegne av avdøde biskopar
| Jesus er den gode hyrde som leier sauene etter sitt ord |
Preses i den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, vil den 16. oktober møta opp på London pub for å av halda ein pressekonferanse der han vil be dei skeive i Noreg om orsaking på vegne av Den norske kyrkja for måten denne kyrkja har møtt dei skeive på gjennom tidene. Han syner til ein bispeuttale frå 1950 talet som stemplar homoseksuell levemåte som eit trugsmål mot samfunnet.
Slike harde ord kan ein gjerne be om orsaking for. Men ut frå det eg elles veit om Fykse Tveit sin teologi, spør eg meg om han i same rennet bed om orsaking for det som står i Bibelen om saka, om han bed om tilgjeving på Guds vegne fordi Gud i fleire omgangar har lagt ned forbod mot homofilt samliv. Då må eg seia at Fykse Tveit har valt seg feil motstandar. Ingen bør bølla med Løva av Juda.
Det Fykse Tveit gjer her er truleg vel gjennomtenkt. Den norske stat har brukt denne forma for botsgang både då kongen i starten av si embetstid beklaga handsaming av partisanane i Finnmark etter krigen, då statsministeren beklaga overfor kvinnene som hadde hatt omgang med tyske soldatar og over den skandaløse handsaminga av romanifolket før og etter andre verdskrigen. Alt på sin plass.
Det å sanna syndene sine og be om tilgjeving er noko som høyrer heime i sentrum av den kristne trua. Å be om tilgjeving på vegne av andre som har gjort noko galt, er noko heilt spesielt. I Bibelen finn me det hos Daniel, men han gjer bot på andre sine vegne innfor Gud. Me har ingen døme der på at nokon bed om tigjeving til ei gruppe menneske på vegne av ei anna gruppe. Men at ein overmektig stat i ettertid audmjukar seg overfor ein mishandla minoritet har sjølvsagt sympati.
Det er enkelt å sjå parallellen. Ei overmektig kyrkje som ber om tilgjeving for trakassering og åndeleg overgrep mot ein seksuell minoritet.
Likevel er det eit problem her. Dersom Fykse Tveit brukar denne handlinga til å kristna ein seksualmoral som blir åtvart mot i Bibelen, har han gått ut over sitt mandat som prest og biskop. For er det dette han meiner, og det trur eg det er, bryt han med ordinasjonslovnaden sin. Det bør han sjå på som eit stort problem.
Biskopane på 1950-talet synda nemleg ikkje med sin uttale. Kanskje kunne dei formulert seg meir diplomatisk etter dagens standard, det er no så. Men synda gjorde dei ikkje. Dei talte ut frå si forståing av Bibelens ord. Og den var heilt rett. Soleis er det ikkje noko å be om tilgjeving for, og særleg ikkje for ein person som ikkje var biskop på den tida, knapt var han vel fødd.
Reformatorane våre kalla Bibelen for "norma normata", normen over alle normer. Då kan ikkje norske biskopar innføra nye normer som bryt med hovudnormen og samstundes kalla seg hyrdar for Jesu flokk. For det er dei ikkje. Dei fell fort i kategorien "leigekarar", og kanskje til og med "ulvar i fåreklær", dvs reine forførarar.
Eg kan ikkje sjå at det er nokon lett veg for Den norske kyrkja attende til den sunne læra. Tida er komen for alle å koma seg ut av denne institusjonen og melda seg inn i kyrkjesamfunn med leiarar som under tårer og bøn vil losa dei truande unna skjæra så ingen går på grunn i god tru.
onsdag 18. juni 2025
Guds gode vilje
I Salme 135 står det at "Herren gjer det han vil".
Når me les Bibelen, les me om ein levande Gud som er i full aktivitet frå første til siste side
Det startar alt i første vers: "I opphavet skapte Gud himmelen og jorda".
Kvifor skapte Gud universet? Fordi han ville. Som me les i Op.4,11:
11 Verdig er du, vår Herre og Gud,
til å få pris og ære og makt.
For du har skapt alt;
ved din vilje vart alt til, skapt av deg.
Guds vilje er god. Når me ber "må viljen din råda på jorda slik som i himmelen," så ber me om at det vonde skal fordrivast og at det gode skal sigra.
Når denne bøna er plassert i Fader vår, fortel det oss at Guds gode vilje skjer når me ber.
Muslimane seier ofte: "Om Allah vil." For dei er alt som skjer av godt og vondt Allahs vilje. Han er heilt uberekneleg og kan finna på både det eine og det andre, og tilhengarane må berre bøya seg for påfunna hans og underkasta seg.
Slik er ikkje Jesus. Me veit kva han vil. Det har han avslørt for oss gjennom Bibelen: Han vil lækja dei sjuke, setja fri dei som er bundne av djevelen og tilgje syndarar som vender om. Det er hans arbeidsprogram, og alt dette vil skje når me som kjenner han ber.
Når kristne blir slakke i bøna, skjer Guds vilje på jorda i mindre grad enn når dei er flittige og uthaldande. For dette er også Guds vilje: Han vil gjera det gode når hans barn ber han om å gjera det. Som kristne er me Guds medarbeidarar. Og når me kjem Gud på nært hald, fortel han oss kva me skal be om ganske konkret, og når me responderer på dette, grip han inn og under skjer.
Er du ein sann kristen har du lyst å utvikla bønnelivet ditt, og då vil eg invitera deg til å bruka nettsida www.globalbonn.blogspot.com. Der vil du få hjelp til å bli både ein tilbedar og ein forbedar.
fredag 6. juni 2025
Kva er vestlege liberale verdiar
Går me nokre år attende i tid, bygde landa i Vesten på kristne verdiar. Bibelen var anerkjent som ei heilag og normerande bok, og verdiane som folk då styrde etter var gudsfrykt (tru) nestekjærleik, livslangt ekteskap mellom ei kvinne og ein mann, morsskap og farsskap, kjernefamilien, ærelegdom, truskap, seksuell reinleik, respekt for foreldre, respekt for menneskelivet (også det ufødde), høg arbeidsinnsats, edruskap og jakta på ny kunnskap.
Sjølvsagt var folk folk i den tida også. Nokre braut alle normer, andre fall utanfor, og ting skjedde som ikkje var bra, men ideala og normene sto der som fyrtårn som ikkje måtte sløkkast. Det var ingen som gjorde noko galt som ikkje visste at det dei gjorde var galt. Svart var svart, og kvitt var kvitt.
Men så kom "den seksuelle revolusjonen" og 1968-generasjonen, og fyrtårn etter fyrtårn vart sløkt, og etter kvart rive ned. Fri sex, kommunisme og ateisme prega det nye livssynet som vart dominerande etter dette ungdomsopprøret. Å tru på Gud og Bibelen vart latterleggjort. Seksualiteten skulle vera fri. Ekteskapet vart supplert med sambuarskap, det vart like mange skilsmål som nye inngåtte ekteskap, og vart ein rett å ta livet av ufødde barn. Regjeringar av ulik valørar, som elles var desperate etter å regulera alt i samfunnet, deregulerte samlivssektoren. På livsens viktigaste område, skulle alle normer bort så lenge den seksuelle aktiviteten var bygd på samtykke. Men ingen spurde etter GUDS samtykke. Han eksisterte jo ikkje, eller han måtte takk bøya seg for menneska si nye forståing av rett og galt.
No styrer både raude, grøne og blå regjeringar etter det dei kallar "liberale vestlege verdiar", og med det meiner dei ein ekstrem indivdualisme som munnar ut i eit massivt krav om "sjølvbestemming" når det gjeld liv eller død, kjønn og samlivsform. Og fremst i Pridetoga går politikarar av alle valørar og parti, med eit par heiderlege unnatak, og peikar nase til Gud, og seier med digre bokstavar at dei no erstattar Bibelens bod med verdiar som mangfald og inkludering, noko som primært betyr seksuelt mangfald og inkludering av alle slags kjønn, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk, kva dei no i all verda måtte meina med det. Dei aksepterer og promoterer med si tilknytning ei rekkje løgner som at det eksisterer mange kjønn, at kjønn er flytande, at barn kan vera fødde i feil kropp, at det går an byta kjønn, at det eksisterer psykologiske kjønn, at menn kan bli mødre, at kvinner kan bli fedre, at kvinner kan ha penis, at menn kan ha vagina og livmor og all slagt tøv. Dei promoterer også polyamorøse relasjonar surrogati og prostituasjon. "Kjærleik er kjærleik", seier dei, og det er like intelligent som å seia at "medisin er medisin", og gje same medisin til alle sjuke.
I tillegg til alt dette nye våset, har dei sidan 1970-talet fått folk til å tenkja at dei ufødde barna i mors liv ikkje er mennesker med menneskeverd og menneskerettar. Dei avhumaniserte barna i morsk liv for å kunna ta livet av avkommet sitt utan å kjenna på dårleg samvit, og halda fram med sin frie seksuelle livsstil utan å måtta hausta følgjene.
Kva i all verda skal me med politikarar som ikkje kan snakka sant om dei mest grunnleggjande livsområda? Når det er så lett å lyga om ufødda barn og kjønn, korleis kan me då stola på dei i mindre viktige saker, og for all del, alle andre saker er mindre viktige enn dei me har nemnt i dette blogginnlegget.
Me treng ein ny type politiske leiarar i dette landet, menn og kvinner som fryktar Gud, syner Bibelen respekt og audmjukt søkjer hans hjelp i store og små spørsmål.
Noreg var eit kristent land, men er ikkje det lenger. Men landet kan rekristnast. Og det må skje om det skal gå oss godt.
torsdag 29. mai 2025
Alliansar basert på felles hat
Det einaste desse tre rørslene har felles er faktisk hat. Elles står dei rimeleg langt frå kvarandre, og lengst frå kvarandre står radikal islam og LHBTQ. Den som står fram som homofil i Gaza vert drepne. Det er jo det heilt ville oppi dette. Det gjev ikkje meining. Den einaste plassen i Midt-Austen at skeive folk er trygge er jo i Israel. Korleis går det då an at norske skeive hatar Israel og jødane? Forstå det den som kan. Heilt hol i hovudet, spør du meg.
Men det er jo ein enorm avstand mellom muslimar og sosialistar også. Muslimane trur på ein gud, og er veldig overtydde om at Allah er den sanne gud. Men sosialistane er i sitt vesen ateistar. Og likevel står dei altså saman og kjempar mot det folket som muslimane har sin eksistens å takka for. Muhammed tok jo modell av jødedomen så godt han kunne då han forma ut denne nye trua si. Snakk om å saga over den greina ein sit på, men det gjer palestinarane.
