Jesu siste påske starta den søndagen då han reid inn i Jerusalem på eit esel, og læresveinane hylla han med hosiannarop og svingande palmegreiner.
Det låg
forventningar i lufta, forventningar om vekking og nye tider, om gjennombrot
for Guds rike på jorda, og det var lovsong og glede.
No skulle
dei framande maktene ut, og Gud skulle styra Israel gjennom sin Messias. Det
var dei sikre på. Og det rare var: det var dei trass i at Jesus minst tre
gonger hadde sagt til dei at han skulle opp til Jerusalem for å bli torturert, døy
på ein kross, for så å stå opp att frå dei døde den tredje dagen. Men det gjekk
ikkje inn.
Kva kan me læra
av dette?
Vel, Jesus måtte
lida og døy for å frelsa oss frå våre synder. Det var ingen veg utanom. Akkurat
denne hendinga er og blir heilt unik. Berre Gud som menneske kunne betale for
våre synder.
Men Paulus
skriv likevel noko spesielt i Kolossarbrevet 1:24, nemleg at han, i si teneste
for kyrkja, måtte oppfylla det som enno manglar i Kristi liding.
Eg er ikkje
heilt sikker på om eg forstår han rett, men det eg trur han vil seia er at vekking
og liding høyrer saman. Det er ingen veg utanom. Der evangeliet går fram,
samlar djevelen troppane sine og sørger for at dei som forkynner og vitnar får
motstand, slik me ser det i Nord-Korea,
Afghanistan, Pakistan, Iran, Kina, Somalia, dei sentralasiatiske republikkane
Eritrea og India, for å nemna nokre slike land.
Kva med oss
her i Noreg og vesten? Her hos oss er det enno slik at djevelen når langt
lenger med sin kamp mot Gud ved å forføra oss kristne i staden for å forfølga
oss. Han får oss så lett til å adoptera verdiane sine som handlar om makt, ære,
anerkjenning, pengar og komfort. Særleg det siste. Og så lenge dette er det me
set mest pris på, klarar han fint å halda oss nede, og han klarar til og med å
ribba mange for tru.
Difor ber me
slik i dag: Gode Gud og Far! Vekk oss slik at Kristus kan lysa for oss. Me vil
gjerne adopterer dine verdiar som våre. Hjelp oss å søka ditt ansikt, modig vitna
om Jesus, forkynna evangeliet, syna godleik, lækja sjuke og reisa oss og tala mot
all type vondskap. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar