torsdag 26. oktober 2023

Manglande medynk

 Det er nokre år sidan no. Eg ante fred og ingen fare, og var oppteken med eitt eller anna kvardagsleg då eg brått høyrde ei røyst som sa: «Dei har ikkje medynk med barnet i mors liv!» Det var som om det var ein person som stod i rommet attmed meg og snakka. Men det var ingen der, og eg visste det: Det var Gud. Eg hadde høyrt stemma hans ein gong før på same måten, så eg visste det var han, og eg visste det handla om abort. Kvifor held me på med dette i Noreg? Det har vore mange svar. Men Guds analyse skilde seg frå alle andre eg hadde høyrt: Manglande medynk. Han kunne ha sagt medkjensle, men eg trur han ville ha fram at han ynkast over dei små som heile tida må bøta med livet, og at dersom me som lever i friluft hadde hatt den same medynken, den same djupe empatien, så ville me ha omslutta kvar einaste ufødd barn med den største omsorg, og gjeve han/ho det høgaste rettsvern som tenkjast kan.

Men me har ikkje det. Og jo fleire som vert borte på denne måten, jo mindre tenkjer me på dei som medmenneske. Og dessutan ser me det ikkje. Alt føregår «trygt» bak fire vegger der ingen har tilgang utan dei som har ansvar for inngrepa, og Gud. For HAN ser, og han ynkar seg.

Ei stund etter at Gud hadde tala til meg på denne måten, las eg i Bibelen, og var komen til  profeten Jesaja kapittel 13. Då eg kom til vers 18, kvapp eg til. For av alle ting står det der: «Dei har ikkje medynk med barnet i mors liv!» Kva i all verda var dette? Hadde han sagt det før? Om kven? Jo, om persiske krigarar som i 539 f.Kr. kom for å erobra Babylonia. Desse krigarane var ekstremt valdelege, ja, så brutale at dei ikkje ein gong sparte barnet i mors liv. Noko verre enn det hadde Gud aldri før uttalt over eit folk.

Og så er det oss då. Me vil ikkje kalla abort for vald. Det blir for vanskeleg for oss. Men kva er det om det ikkje er vald? Språk er makt. Me kallar det for «svangerskapsavbrot». Og det er rett. Svangerskapet blir avbrote. Men for å få det til, må også barnets liv avbrytast.

Ingen vil barna til livs, berre svangerskapa. Ja, det skjønar eg. Og det skjønar Gud. Men han vil ha sagt at det er langt viktigare at barna får leva enn at svangerskapa vert avbrotne. Det vil han at me skal skjøna, og når me tenkjer oss nøye om, så må me gje han rett. Ikkje noko gode er større enn sjølve livet, og ingen rett skulle stå så høgt i kurs som livsretten.

Kan ufødde barn gjenvinna livsretten i Noreg? Ja, lat oss håpa og be om det, både for barna si skuld, og vår eiga. For når Gud talar til oss, gjer me lurt i å lytta og lyda.

lørdag 14. oktober 2023

Eit pågåvande menneskerettsbrot

 Kristendomen har ein klårt definert etikk. Denne finn me godt og presist uttrykt i Dei ti boda og Bergpreika i Bibelen.

Politikarane må frå tid til tid handsama etiske spørsmål. Dersom dei då ikkje har ein definert etisk overbygning,  blir det gjerne ein konflikt mellom politikk og etikk.

Den mest typiske saka er spørsmålet om sjølvbestemt (morsbestemt) abort. I kristen etikk (og i all annan etikk for den saks skuld) er det galt å ta livet av skuldlause menneske. Det femte bodet er krystallklårt: «Du skal ikkje slå i hel.» Fosteret er eit slikt skuldlaust menneske, og burde av den grunn hatt rettsvern, meiner dei fleste kristne (og mange andre). Dei ser på ufødde barn som medborgarar med fullt menneskeverd, og kjenner seg forplikta til å tala saka deira når ingen andre vil. Dei fleste politiske partia meiner at fosteret ikkje kan reknast som eit medmenneske (utan at dei har teke seg bryet med å definera fosteret sin status), og har dermed ikkje krav på rettsvern. Juridisk stiller eit foster i Noreg dårlegare enn eit rovdyr, i alle fram til veke 12 i svangerskapet, og slik som det ser ut no: snart fram til veke 18. Alt i 12. veke er alle organ ferdig utvikla. Dei siste seks månadane handlar det om vekst.

At biskopane i Den norske kyrkja no støttar sjølvbestemt abort fram til veke 12, er forbløffande, og gjer situasjonen for dei små enno vanskelegare enn før.

«Abortsaka er ei tapt sak,» høyrer eg folk seia. Ho står ikkje lenger på dagsorden.

Då må eg spørja: Når er ei sak tapt? Når alle har slutta å kjempa. Ikkje før.

«Det er ei god lov,» blir det også sagt.

Og då må eg spørja: Kva er ei god lov? Jo, det er ei lov som er god for alle. Er abortlova det? Nei. Ikkje for dei små som vert nekta livet. Abortlova er m.a.o. inga god lov. Ho er tvert om livsfarleg.

I Menneskerettsfråsegna artikkel 3 står det slik: «Ein kvar har rett til liv, fridom og personleg tryggleik,» og eg kan ikkje sjå eitt einaste godt argument som nektar oss å inkorporera eit menneskefoster i «ein kvar».

Denne artikkelen skulle fjerna all tvil om kva me har med å gjera i dette spørsmålet: Eit stort og vedvarande menneskerettsbrot, betydeleg større enn vindmøllene på Fosen.

tirsdag 10. oktober 2023

Refleksjonar etter 7.oktober 2023

 Laurdag 7.oktober vart over 900 israelarar brutalt drepne i ein massiv terroraksjon utført av Hamas, og over 130 menneske tekne inn i Gaza som gislar.

22.juli 2011 vart 77 nordmenn meiningslaust drepne av vår eigen terrorist på Utøya og i Regjeringskvartalet. No har Israel tapt minst 13 gongar så mange av sine kjære, alle vanlege menneske utan annan agenda enn å leva liva sine. I dag sit to små tvillinggutar att utan foreldre, og ei heil slekt sit att med sorga etter ein familie på fem, og så er det alle dei andre

I over 2300 år har Israel og det jødiske folket vore utsette for dei mest meiningslause lidingar. Forfølging og pogromar har vore ein del av dette folket sin kvardag gjennom hundreåra, noko som toppa seg i Hitlers ville plan om å ta livet av heile gjengen. Berre Gud veit kor langt han var frå å lukkast.

På denne bakgrunn er det rørande i dag (måndag 9.oktober) å sjå Israels flagg pryda Brandenburger Tor, midt i Berlin, midt i den byen der Holocaust-planen ein gong vart unnfanga, utvikla og fødd. Slik syner tyskarane i dag solidaritet med Israel og det jødiske folket. Det same skjer forresten i mange hovudstadar i Europa, berre ikkje i Oslo. Kvifor det? Vel, Noreg har alltid hatt ein vanskeleg høve til det jødiske folket. Det inngrodde jødehatet som kom til uttrykk i Grunnlova i 1814 har aldri heilt sloppe taket i oss. Men det er verre no enn på lenge. Arbeiderpartiet som, i Håkon Lie si gylne tid, var varme tilhengarar av, og støttespelarar for, staten Israel, har i dag lett for å kritisera og fordømma landet.  Og statskanalen NRK har sjeldan noko fulltonande godt å seia om Israel og israelarar. Her er det lite forståing å henta. Det handlar for det meste å setja landet og folket i eit dårleg lys. Kvifor det? Er det journalistane sine personlege antipatiar som skin gjennom?

Som kristen kyrkje sørger me djupt over det store tapet som Israel no har lide. Me har lett for å identifisera oss med dette landet og dette folket som vår kjære Herre og frelsar ein gong kom frå, og som han framleis ser på som sitt eige. Mange tusen i Israel har dei siste åra kome til tru på Yeshua Mashiach (som dei kallar Jesus), og dette er blitt ei rørsle som ikkje kan stoppast. Heile nasjonen skal med.  

Men me ber også for det palestinske folket i Gaza og på Vestbreidda. Dei er elska av den same Gud og frelsar som oss, og inneslutta i den same frelse som alle andre. Me går imot alt hat og nedlatande omtale av dette folket, og ber om at lidingane deira skal ta slutt, at dei skal få seg rettsindige leiarar som sluttar fred med Israel, og som går saman med det jødiske folket og ikkje i mot dei. Det vil bli til velsigning for dei, og for alle. I Bibelen (Jesaja 19) ser me faktisk spor om at ei slik tid ein gong vil koma. Det ser me saman med alle som trur på Bibelen fram til med stor entusiasme.