LHBTQ-organisasjonane har definert juni som «sin» månad, og legg i vesentlag grad beslag på det offentlege rommet. Dei av oss som er motstandarar av verdiane deira, synest avgjort at det kan bli litt mykje. Denne månaden skal seksualiteten i alle former og fasongar feirast i heile samfunnet, på skular og på gater og torg, i butikkar og på idrettsbanar, og arme dei som ikkje heiser regnbogeflagget. Då ventar eit massivt negativt fokus i media med påfølgande boikottaksjonar. Thon hoteller erfarte dette i fjor. Ålesund kommune i år. Dei «skeive» kan vera nokså harde i klypa. Det minner meg forresten om eit fenomen som føregår i Mexico der det i mange landsbyar kvart år blir arrangert religiøse festar til ære for katolske helgenar og gamle heidenske gudar. Ikkje alle føler seg heime i slike feiringar (evangeliske kristne), og dei som ikkje blir med, blir sett på som fiendar av det gode, og ekskluderte frå lokalsamfunnet dei tilhøyrer. Det er paradoksalt at ei foreining som kallar seg FRI, gjennom gapestokktiltak vil «tvinga» verksemder til å markera støtte til prosjektet sitt. Og det er høgst merkeleg at ingen politikarar reiser seg for å forsvara folks demokratiske rett til å ikkje markera pridemånaden, eller folks rett til risikofritt å kritisera pride og ideologien bak. LHBTQ-organisasjonane har høgst udemokratiske haldningar, og det burde vera i politikarane sine interesser å påpeika at alle former for meiningspress er uakseptabelt. Eg ser fram til å sjå at våre folkevalde framover tek ansvar for demokratiet og påtalar uthenging av firma, organisasjonar og institusjonar som av ulike grunnar ikkje ønskjer å markera juni som ein månad for kjønns- og seksualitetsmangfald.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar